Mistralvind

(Omdirigert frå Mistralvinden)

Mistral er eit vindfenomen i Golfe du Lion (Løvebukta) om vinteren og våren. Det skapar ein kald og kraftig nordvestleg vind langs kysten frå Marseille til Toulon i Sør-Frankrike, og på øya Sardinia.

Vindar i Middelhavet
Atmosfæriske forhold som fører til mistralvind.

Han er eit døme på ein katabatisk vind, som kjem av at lufta vert avkjølt over fjell på grunn av eit høgtrykk eller varmeutstråling. Lufta over Massif Central, det sentrale platået i Frankrike, og Alpane, vert kjølt ned og vert tyngre enn den omliggande lufta. Dette fører til at luft strøymer ned Rhônedalen og ut mot kysten.

Marseille merkar denne vinden om lag halvparten av dagane i året. Vinden kan òg påverke vêret i Nord-Afrika, på Sicilia, på Malta og i store område av det vestlege Middelhavet, særleg når ein har eit lågtrykk over Genovabukta.

Namnet «mistral» vert òg brukt om ein nord- til nordvestleg vind i Adriahavet, som òg har sitt opphav i Alpane, men som òg kan kome frå Dinarafjellet i Kroatia.

Ei gamal fransk lov seier at ein person som har blitt sinnsjuk på grunn av lyden av mistralvinden ikkje kan straffast for eit lovbrot, inkludert mord.