Opna hovudmenyen

Mitraljøse er i praksis det same som maskingevær, men mest brukt om dei tunge versjonane. Mitraljøse er automatisk skytevåpen med høg skottakt, tett skotstråle og stor presisjon. Allereie på 1300-talet fanst det såkalla orgelbøsser med opptil 144 piper, men først då bakladningssystemet og einingspatrona var oppfunne, fekk slike våpen militær betydning. Den automatiske, enkeltløpa mitraljøsa vart oppfunnen i 1884 av H.S. Maxim. Mitraljøsa vert montert på affutasje, er luft- eller vassavkjølt, vekt 30–75 kg, kaliber 6,5–15 mm, skottakt 400–600 skot/min, patrontilførsel fra band el.l. med opptil 250 patroner i bandet, praktisk skotvidde opptil 4000 m. Våpenet kan òg skyte med indirekte retning. Luftvernmitraljøser har ofte dobbeltaffutasje eller firling.

Noreg hadde tidlegare Hotchkiss mitraljøse (luftkjølt), avløyst av Coltmitraljøse vasskjølt, modell 1929, kaliber 7,62 mm. Norsk infanteri fekk seinare to typar Browning luftkjølt mitraljøse, ein lett M 1919 A4, kaliber 7,62 mm, og ein tung, kaliber 12,7 mm. Den lette M 1919 A4 er etter kvart erstatta med MG 3 (maskingevær) som i mitraljøseversjon vert montert på ein trefot. Den tunge mitraljøsa kan nyttast både mot bakkemål og mot luftmål ved skifte av affutasje. Tyngre mitraljøser høyrer med til væpningen i mange typer stridsvogner og fly. Dersom kaliberet er 20mm eller større, vert uttrykket maskinkanon nytta.

EtymologiEndra

Ordet blir uttal mitraljˈøse. Det kjem frå fransk og er avleidd av mitraille, som tyder 'jarnskrap'

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra