Mitsubishi Group ([[japansk 三菱グループ, Mitsubishi Gurūpu) er ei gruppe sjølvstyrande japanske fleirnasjonale selskap. Gruppa dannar ei laus eining, Mitsubishi keiretsu, som er ei av dei seks store forretningskonglomerata i Japan. Dei største selskapa dannar ei samarbeidsgruppe, kinyokai, som har jamnlege møte.

Mitsubishi


Headquarters of Mitsubishi Motors, a subsidiary of Mitsubishi Group. Sjå dette på Wikidata
Org.formBørsnotert selskap, konglomerat
BransjeHandel
Skipa1870
DotterselskapNikon
Eigenandel iNikon
HovudkontorTokyo
LandJapan
Produktmineralutvinning, maskinteknikk, telekommunikasjon, finansielle tenester, forsikring, bygg og anlegg, eigedomsutvikling
Salsinntekter7 200 000 000 USA-dollar
Omsetnad7 200 000 000 USA-dollar
Nettstadhttps://www.mitsubishi.com/en/ (engelsk), https://www.mitsubishi.com/ja/ (japansk)

Mitsubishi blei skipa som eit spedisjonsfirma i 1870, to år etter Meijirestaurasjonen. Grunnleggjaren var Yatarō Iwasaki (1834–1885). Namnet «mitsubishi» (三菱) er sett saman av mitsu, 'tre' og hishi, 'vasskastanje', som også kan visa til ei diamantform. Logoen til selskapet viser tre stiliserte vasskastanjer/diamantar. Namnet blei endra til Mitsubishi Shokai i 1873.

Mitsubishi er mellom anna kjend som bilprodusent gjennom Mitsubishi Motors. Gruppa eig også Nikon, kjemikalieprodusenten Mitsubishi Chemical Corporation, banken Mitsubishi Tōkyō UFJ Ginkō, glasprodusenten Asahi Glass Co. og Kirinbryggjeriet.

Kjelder endre

  Denne økonomiartikkelen som har med historie og Japan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.