Garden Moberg er avgrensa i aust av garden Os, i sør av Bjørnefjorden og i vest av Liafjell. Garden ligg på haugane sør for Ulvenvatnet, og det kan henda at namnet Moberg er avleidd av eit eldre, no gløymt, namn på dette vatnet.

På sørsida strekkjer Moberg seg ned til sjøen, og Mobergsvikjo (av osingar ofte berre kalla Vikjo) er ein ynda badeplass på varme sumardagar.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.