Moderne menneskeleg åtferd
Moderne menneskeleg åtferd er eit omgrep innan antropologi, arkeologi og sosiologi som viser til trekk ved menneskeleg åtferd som skil nolevande menneske og forfedrane deira frå nolevande primatar og tidlegare hominidar. Åtferda omfattar evna til å tenka abstrakt og til å visa kreativitet. Trekka blir ofte sett i samanheng med utviklinga av språk.
Klassiske døme på moderne åtferd er mellom anna:
- Forseggjorte reiskapar
- Fiske
- Bytehandel eller anna utveksling over lengre avstandar
- Kroppspynt ved hjelp av pigment, som oker, eller smykke
- Figurativ kunst, som holemåleri, helleristingar, skulpturar og liknande
- Leik/spel
- Musikk
- Gravlegging
Det er strid om moderne åtferd heng saman med fysisk utvikling, til dømes av større hjernekapasitet, eller av sosial utvikling, som at menneskegrupper blei større.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Behavioral modernity» frå Wikipedia på engelsk, den 12. november 2009.
- Irene Berg Sørensen (2009), «Mye folk gav kulturell eksplosjon», forskning.no (24. juni 2009), arkivert frå originalen 23. april 2013, henta 12. november 2009