Modularitet i psykologien

Teorien om modularitet i psykologien går ut på at det i sinnet finst ein del medfødde evner som òg blir kalla mentale organ. Desse organa eller modulane er predisponerte til å utføre særskilde oppgåver. Teorien blei sett fram av den amerikanske filosofen Jerry Fodor (1935–) i boka The Modularity of Mind (1983),[1] der modulane blir tillagde mellom anna desse eigenskapane:

  • Dei er domene-spesifikke. Dei reagerer berre på inndata av særskilde typar.
  • Dei er medfødde, og blir ikkje danna gjennom læring.
  • Dei er usamansette. Dei er ikkje oppbygde av meir elementære prosessar.
  • Dei er «hardwired». Dei assosierte med spesifikke, lokaliserte, komplekse nevrale system. Med ein datamaskin-metafor kan ein seie at modulane er ein del av maskinvaren (engelsk hardware), ikkje av programvaren (engelsk software).
  • Dei er autonome. Dei er uavhengige av andre modular.
Jerry Fodor (1935–) i 2007.

Fotnotar endre

  1. Jerry Fodor 1983. The Modularity of Mind. Cambridge, MA: MIT Press.