Moe kyrkje
Moe kyrkje er ei krosskyrkje frå 1867 eit par kilometer nord for Svorkmo i Orkland kommune i Trøndelag fylke.
Moe kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommune | Orkland | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Nidaros | ||
Prosti | Orkdal | ||
Sokn | Orkland | ||
Fellesråd | Orkdal | ||
Type | krosskyrkje | ||
Arkitekt | O. F. Rømmesmo og B.T. Wulvig | ||
Teknikk | mur | ||
Material | stein | ||
Innvigd | 28. desember 1867 | ||
- Endringar | 1958–59, 1977 | ||
Tårn | i vest | ||
Kor | Polygonalt avslutta | ||
Klokker | 2: 1675 (Otto Møller) og 1867 (Trolla Brug) | ||
Kyrkjegard | ved kyrkja | ||
Preikestol | 1867, med evangelistbilete | ||
Altartavle | Christian Christie, 1867 | ||
Orgel | 1960-talet, tsjekkisk (Rieger-Kloss?) | ||
Sitjeplassar | 310[1] | ||
Diverse | Glasmåleri i koret av Veslemøy Nystedt Stoltenberg 1977. | ||
![]() Moe kyrkje | |||
Wikimedia Commons: Moe kirke | |||
Tidlegare kyrkjer Endra
Dagens kyrkje er den tredje kyrkja ved Svorkmo. Ei kyrkje for verksarbeidarane vart oppført på Skankebakken i 1675 og vart øydelagt av flaum i 1816. Same året vart ei åttekanta trekyrkje oppført på Smedhaugen, om lag ein kilometer lengre nord. Denne kyrkja vart riven i 1866 og ny kyrkje oppført på Moe, vest for Orkla, der det hadde vore ekserserplass.
Dagens kyrkje Endra
Moe kyrkje vart teikna av Ole Fredriksen Rømmesmo og Børre Thorstensen Wulvig, oppført i 1866–67 og innvigd 28. desember 1867. Det er ei krosskyrkje i tre. Tre av veggane frå kyrkja på Smedhaugen vart nytta i koret. Kyrkja vart restaurert i 1958–59 etter planar av John Egil Tverdahl. Veslemøy Nystedt Stoltenberg laga glasmåleri i korvindauga i 1977.
Kjelder Endra
- Orkdalsmenighetene Arkivert 2014-02-22 ved Wayback Machine.
- «Moe kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
Fotnotar Endra
Bakgrunnsstoff Endra
- Moe kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 240. ISBN 82-7527-022-7.
- Orkdalskyrkja på Grøtte i 900 år (Bokhylla.no)