Moen i Målselv

(Omdirigert frå Moen)

Moen er ein tettstad og administrasjonssenter i Målselv kommune i Troms og Finnmark. Staden har har 847 innbyggjarar per 1. januar 2017. Høgtun vidaregåande skole, med studieretningar for estetiske fag, ligg i Moen, og her ligg òg hovudkontoret for avisa Nye Troms.

Moen
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms og Finnmark
Kommune Målselv
Areal 0,89 km²
Folketal 847 (2017)
Folketettleik 952 / km²
Postnummer 9321
Preposisjon Moen

Moen i Målselv
69°7′49″ N 18°36′44″ E

Tettstaden ligg langs nedre del av Målselva og er delt i to delar, Moen og Olsborg. Kommuneadministrasjonen held til på Moen, medan skular og det meste av forretningar ligg på Olsborg. Riksveg 854, som går mellom Målsnes og Rundhaug, går gjennom heile tettstaden, og vert kryssa av Europaveg 6 midt mellom Moen og Olsborg.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Troms og Finnmark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.