Mogwai er eit skotsk postrockband frå Glasgow, skipa i 1995. Mogwai er blitt eitt av dei mest innverknadsrike og kjente postrock-banda. Dei skriv lange instrumentale gitarbaserte stykke i postrock-tradisjonen, vanlegvis variasjonar over eit enkelt tema, og dei er kjende for dynamisk kontrast, melodiske bassriff, og ein særeigen bruk av distortion og effektpedalar.

Mogwai

Aktiv1996–
Sjangeralternativ rock, indierock, Post-rock
PlateselskapChemikal Underground, Rock Action Records, Sub Pop, Matador Records, Play It Again Sam, Rocket Girl

Stilen er påverka av grupper som The Dirty Three, Joy Division, The Jesus and Mary Chain, My Bloody Valentine, King Crimson og postrock-pionerane Slint og Tortoise.

Historie endre

Stuart Braithwaite og Dominic Actchinson skipa gruppa saman med Martin Bulloch i 1995.[1][2] Dei to første hadde då kjent kvarandre nokre år, og då dei trefte Bulloch som spelte trommar, danna dei eit band saman. Gruppa tok namnet sitt frå dyra i filmen Gremlins, som i kinesisk tradisjon tyder 'vond ånd' eller 'djevel' på kantonesisk.[3] Gitaristen Stuart Braithwaite har sagt at namnet ikkje har noka særskild tyding for gruppa.[a][4]

Gruppa debuterte i februar 1996 med singelen «Tuner»/«Lower». Ved slutten av året blei dei tildelt utnemninga «single of the week» av NME for «Summer», noko dei oppnådde igjen tidleg i 1997 med «New Paths to Helicon».[1] Bandet spelte nokre konsertar før John Cummings vart med. Dei byrja så å spela inn plata Mogwai Young Team. Med seg på denne innspelinga hadde dei òg Brendan O'Hare, kjend frå bandet Teenage Fanclub.[1] Han blei aldri fast medlem i bandet, og var berre med på denne plata. Barry Burns kom ikkje med i bandet før dei skulle spela inn den tredje plata si, Come On And Die Young.[4]

Diskografi endre

Studioalbum endre

  • Young Team, 27. oktober 1997
  • Come on Die Young, 29. mars 1999
  • Rock Action, 30. april 2001
  • Happy Songs for Happy People, 9. juni 2003
  • Government Commissions (B.B.C. Sessions 1996-2003) 2005
  • Mr. Beast, 8. mars 2006
  • Zidane: A 21st Century Portrait, 30. oktober 2006
  • The Hawk Is Howling, 22. september 2008
  • Hardcore Will Never Die, But You Will, 2011
  • Rave Tapes, 2014
  • Every Country's Sun, 2017
  • As the Love Continues, 2021

Merknadar endre

  1. "it has no significant meaning and we always intended on getting a better one, but like a lot of other things we never got round to it."

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Strong, Martin C. (2003) The Great Indie Discography, Canongate, ISBN 1-84195-335-0, s. 872
  2. Wolk, Douglas (1999) "Our Gang", CMJ New Music Monthly, mai 1999. Henta 17. april 2010
  3. Whitely, Sheila (2008). Christmas, Ideology and Popular Culture. Edinburgh University Press. s. 165. ISBN 9780748631872. 
  4. 4,0 4,1 «FAQ». mogwai.co.uk. 2006. Arkivert frå originalen 21. april 2006. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Mogwai