Molde lufthamn, Årø

Molde lufthamn, Årø (IATA: MOL, ICAO: ENML) vart opna i 1972 etter at Molde kommune hadde finansiert bygging av eigen flyplass. Dette kom etter ein langvarig diskusjon om felles flyplass for Romsdal og Nordmøre enda med den statlege utbygginga av Kristiansund lufthamn, Kvernberget av samferdselssosiale årsaker (kristiansundarar måtte ta ferje til flyplassen om han til dømes vart bygd på Årø).

Molde lufthamn, Årø

IATAMOL
ICAOENML
FlyplasstypeSivil
EigarAvinor
OperatørAvinor
TenerMolde
StadÅrø
Opna1972 Sjå dette på Wikidata
Høgd3,0
Koordinatar62°44′41″N 07°15′45″E / 62.74472°N 7.26250°E / 62.74472; 7.26250
Nettstadhttps://avinor.no/flyplass/molde/ Sjå dette på Wikidata

SAS flyr faste ruter til Oslo, Bergen og Trondheim. I tillegg har lufthamna etter kvart fått ein viss chartertrafikk. Den første regulære charterruta starta i juni 2003 med flygingar til Kreta. Lufthamna har ingen rutetrafikk til utlandet, men hadde sommaren 2004 slike flygingar til Barcelona i regi av Braathens.

Årø har 1980 meter rullebane LDA og 2050 meter TORA, terminalbygg frå tidleg på 1990-talet og tener om lag 400 000 passasjerar årleg. Høgast registrert trafikk var det i 2006 og 2007 med respektive 440 457 og 403 150 terminalpassasjerar. Rullebanen har retning 07-25 (det vil sei retning aust-nord-aust og vest-sør-vest) og er utstyrt med ILS (Instrument Landing System) for innflyging frå vest. Frå aust manglar glidebane for komplett ILS-innflyging.

I samband med utbygginga av Ormen Lange, generell vekst i flytrafikken og nye tryggleikskrav, har lufthamna dei siste årene gjennomgått ein del utbetringar av infrastrukturen. Terminalen er utvida til å kunne handtere rundt 420 000 passasjerar årleg, utbygging av nytt driftsbygg og brannstasjon samt fleire flyoppstillingsplassar stod ferdig mot slutten av 2006. Ny parkeringsplass opna i 2006 og eit nytt parkeringshus er under planlegging. I tillegg opna nytt brannøvingsområde i 2007. Den største utbygginga er likevel utvidinga av rullebanen frå 1601 til 1980 meter, som stod ferdig sommaren 2008.

Historie endre

Ideen om ein flyplass på Årø vart først lansert av flygaren Fridtjof Krohn i eit lesarinnlegg i Romsdals Budstikke i 1955. Fram til då hadde den tyske krigsflyplassen på Gossen utanfor Molde vore det heitaste alternativet for ein stamflyplass for Molde og Romsdal og fram til bygginga av Ålesund lufthamn på Vigra òg for hele Møre og Romsdal.

Det nasjonale Flyplassutvalet av 1962 konkluderte med at Årø var det beste alternativet for ein felles flyplass for Romsdal og Nordmøre, med Kvernberget i Kristiansund som nummer to. Kristiansund fastlandssamband og trengde vekstimpuls. Dermed landa flyplassutvalet 16. desember 1964 einstemmig på å anbefale utbygging av både Årø og Kvernberget, samt til Evenes og Haugesund. På dagen to år seinare konkluderte Luftfartsdirektoratet med at Molde burde byggast ut først.

I Stortingsmelding nummer 34 1967-68 gjekk derimot samferdselsminister Håkon Kyllingmark inn for å bygge Kvernberget først av dei fire, då «De trafikale og andre fordeler Årøprosjektet har framfor Kvernberget, er ikke større enn at de oppveies av det samferdselssosiale og andre hensyn som bør tas til Kristiansund». 2. april 1968 vedtok så Stortinget utbygging av Kvernberget, samstundes som Årø vart prioritert som nummer fire av framtidige stamflyplassar i landet, det vil seia utbygging når dette kunne skje utan at det medførte forseinking i nokre av dei tre andre alternativa.

Finansrådmannen i Molde hadde på dette tidspunktet alt starta pengejakt for å kunne forskottere utbygginga før Stortinget rakk å ombestemme seg; truleg òg med det i tankane at det framleis låg ein unytta jernbanetomt i Molde etter eit tidlegare stortingsvedtak som aldri var vorte gjennomført.

Før året var omme var seks millionar i lånekapital framskaffa og det skulle vise seg at entreprenørfirmaet Olav T. Meisingset & Co i Tingvoll hadde ledig kapasitet etter utbygginga av Trollheimen Kraft.

Samferdsleminister Kyllingmark hadde avslått ein søknad om å la Molde forskottere utbygginga, utan at det stoppa kommunen. Dei hadde nemleg søkt Finansdepartementet og fått innvilga lån til å opparbeide området til næringsformål og vedtok dermed hausten 1968 å sette i gang bygginga av flyplass, alternativt næringsområde. Bygginga starta våren etter.

5. oktober 1970 søkte Molde kommune om konsesjon til kommunal drift av flyplassen og fekk ja frå Samferdselsdepartementet, men berre til kortbanedrift, på grunn av at han frå starten i likskap med kortbaneflyplassane ikkje ville ha utstyr for instrumentlanding og departementet frykta dermed for regulariteten, som de rekna ville verte 85% på årsbasis og nede i 81% om sommaren på grunn av et påstått kystklima. Molde, med rådmann Helge Vinje i spissen, takka derimot nei av frykt for at eit mellombels ja til kortbanetrafikk skulle verte permanent og gjekk i staden til verket med å motbevise departementet sine påstandar. Desse var nemleg basert på vêret på Gjermundnes, Hustad og Vigra. Fylkesagronom O. J. Ragnes, sjefen for Meteorologisk institutt sin instrumentavdeling og direktør Ringdal i Braathens S.A.F.E. støtta ikkje konklusjonen til departementet og meinte Årø ville få ein regularitet på over 90%. Førstnemnde kunne dokumentere sine argument med nøyaktige vêrdata frå Fuglset, nokre få kilometer lenger vest, for åra 1965 til 1969. Dermed vart konsesjon for stamrutetrafikk innvilga.

Dei inngåtte utbyggingsavtalene var særs gunstige for kommunen og då flyplassen opna i 1972, før Evenes og Haugesund utan at desse vart forseinka av den grunn, hadde han kosta 13 millionar 1970-kroner, inkludert bygningar og teknisk utstyr. Til samanlikning kosta utbygginga av Evenes 45 millionar 1967-kroner. Staten tok over drifta i 1978.

Destinasjonar endre

Innanriks rutefly endre

  • SAS: Oslo, Bergen, Trondheim

Charter endre

Fraktruter endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre