Molekylfysikk

(Omdirigert frå Molekylær fysikk)

Molekylfysikk er studiet av dei fysiske eigenskapane til molekyl og dei kjemiske bindingane mellom atoma som held dei saman. Dei viktigaste eksperimentelle metodane i molekylfysikken er ulike former av spektroskopi. Feltet er nært knytt til atomfysikk og overlappar sterkt med teoretisk kjemi, fysikalsk kjemi og kjemisk fysikk.

Atom kan ha ulike elektroniske energinivå, men molekyla kan rotere og vibrere. Desse rotasjonane og vibrasjonar er òg kvantisert og fråskilde (diskrete) verdiar. Skilnader i energi er minst mellom rotasjonsenerginivå, så difor finst rotasjonsspekter i det langbølgja infraraude området (ca 30-150 µm). Vibrasjonsspekter finst i det kortbølgja infraraude området (ca 1-5 µm) og spekter frå elektronovergangar er vanlegvis i det synlege og det ultrafiolette bølgjelengdeområdet. Ved å måle rotasjons- og vibrasjonsspekteret frå ei samling molekyl kan eigenskapane til molekyl reknast ut, slik som avstandane mellom atomkjernene og stivleiken til bindingane.

Ein viktig del av molekylfysikken er at atomorbitalteorien i atomfysikk kan utvidast til molekylorbitalteori i molekylfysikk.

Sjå òg endre

Kjelder endre