Molybdenitt
(Omdirigert frå Molybdenglans)
Molybdenitt eller molybdenglans er eit blygrått, metallisk mineral som består av molybdensulfid, MoS2. Utsjånaden liknar på grafitt, men det har ein annan strekfarge. Molybdenglans finst som regel i granittiske bergartar, og finst anten som impregnasjon eller på kvartsgangar. Mineralet er den viktigaste molybdenmalmen.
Molybdenitt | |||
Idiomorf molybdenitt på kvarts, Molly Hill-gruva i Quebec i Canada. Det store krystallet er 15 mm på tvers | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Sulfidmineral | ||
Kjemisk formel | MoS2 | ||
Strunz-klassifisering | 02.EA.30 | ||
Krystallsymmetri | Heksagonal diheksagonal dipyramidal H-M-symbol: (6/m 2/m 2/m) Romgruppe: P 63/mmc | ||
Einingscelle | a = 3.16 Å, c = 12.3 Å; Z = 2 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Svart, bly-sølvgrå | ||
Krystallform | Tynne, plateaktig heksagonal krystallar endar i pinakoidal flater, òg som smalnande sekssida pyramidar som kan vere avstumpa av pinakoidar. Òg massiv, lamellert og i små korn i sulfidmalm | ||
Krystallsystem | Heksagonal | ||
Kløyv | perfekt på [0001] | ||
Fastleik | Lamell fleksibel, ikkje elastisk | ||
Mohs hardleiksskala | 1–1.5 | ||
Glans | Metallisk | ||
Strekfarge | Blågrå | ||
Transparens | Nesten ugjennomsiktig; gjennomskineleg i tynne flak | ||
Spesifikk vekt | 4.73 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Pleokroisme | Særs sterk | ||
Smeltbarheit | Usmelteleg (bryt saman ved 1185 °C) | ||
Andre eigenskapar | Det har ei feittete kjensle og gjev flekkar på fingrar | ||
Kjelder | [1][2][3][4] |
Noreg var tidlegare ein viktig molybdenprodusent, særleg frå Knaben gruver i Vest-Agder. Andre større førekomstar i Vest-Agder er Kvina og Flottorp, i Telemark til dømes Dalen og Bandaksli, og i Nord-Noreg Oterstrand og Laksådalen i Gildeskål. Ein har òg funne einskilde førekomstar i drammensgranitt i Oslofeltet, mellom Sørumsåsen og Rørvik.
Kjelder endre
- ↑ Handbook of Mineralogi
- ↑ Mindat.org
- ↑ Webmineral data for Molybdenite
- ↑ Dana's Manual of Mineralogi ISBN 0-471-03288-3
- Raade, Gunnar (14. februar 2009), «Molybdenitt», Store norske leksikon, henta 14. februar 2014