Mombasa
Mombasa er ein by i Kenya. Med vel 915 000 innbyggjarar (2009) er han den nest største byen i landet, og den største hamnebyen i Aust-Afrika. Han vart grunnlagd på den no landfaste Mombasaøya, straks sør for ekvator. Byen er også senter for eit 230 km² stort administrativt distrikt, som også ber namnet Mombasa.
Byen er eit stort handelssenter med kaffihandel, næringsmiddel- og kjemisk industri, stålverk, aluminiumsvalseverk, oljeraffineri, sementfabrikk. Turismen spelar ei viktig rolle, og byen har internasjonal flyplass.
Ibuarane i Mombasa er for det meste swahilitalande av Miji Kenda-folket, men gjennom hundreåra har det vore ei større tilflytting av arabarar og indarar. I dei siste tiåra har mange kome flyttande frå det kenyanske innlandet til hamnebyen.
Namnet på byen kjem av arabarane sitt gamle namn på han; Manbasa.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mombasa» frå Wikipedia på bokmål, den 13. august 2012.