Opna hovudmenyen
Plasseringa til Monaøyane i Karahavet
Mona1w.PNG

Monaøyane (russisk Острова Мона eller Островов Мона) er ei øygruppe med få spreidde øyar i Karahavet i Krasnojarsk kraj i Russland. Dei er dekte av tundravegetasjon og ligg 30 km nord for vestkysten av Tajmyrhalvøya i Sibir.

Havet omkring Monaøyane er dekt med pakkis om vinteren, som er lang og bitter. Det er mykje isflak i havet sjølv om sommaren. Kravkovøya (Остров Кравкова) er ei av dei større øyane, men er framleis berre om lag 3 km² stor.

Vesle Gerkulesøya (Остров Геркулес) ligg midt i gruppa og er kalla opp etter den fortapte utforskaren Vladimir Rusanov sitt skip «Gerkules».

Ringnesøya (Остров Рингнес) ligg vest i gruppa og er kalla opp etter det norske bryggeriet Ringnes som finansierte Otto Sverdrup sin arktiske ekspedisjon. Dei andre øyane heiter Granitnyj (Остров Гранитный) og Krajnij (Остров Крайний).

Monaøyane vart namngjeve av Fridtjof Nansen etter Henrik Mohn, ein norsk meteorolog. Mohn fann og gav ut meteorologiske observasjonar under forskjellige polekspedisjonar, inkluder Framekspedisjonen 1893-1896. «Mona» er ei genitiv form på russisk som tyder «øyane til Mon» og dette namnet har halde ved, særleg etter at tyskarane nytta Mona Inseln, etter det russiske namnet, under felttoga sine her under den andre verdskrigen. Sidan då har Monaøyane vorte nytta som namn på øyane. «Mohnøyane» ville vore det grammatisk rette namnet på øyane.

Øyane er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.

HistorieEndra

 
Minnesmerke for Vladimir Rusanov-ekspedisjonen som gjekk tapt i dette området av Karahavet. Plaketten står på Gerkulesøya, som er kalla opp etter skipet til Rusanov.

Ein meiner at Vladimir Rusanov og ekspedisjonen hans forsvann ein stad i området rundt Monaøyane. Det vart funne enkelte gjenstandar i 1934 på Gerkulesøya, mellom anna ein trepåle med inskripsjonen «Gerkules 1913», øydelagde sledar og delar av ein ammunisjonskasse.[1] Andre restar vart funne på Popova Tsjuktsjina, ei øy i anna øygruppe ikkje langt unna (Kolosovykhøyane) under ein ekspedisjon i 1937 organisert av Det arktiske og antarktiske forskingsinstituttet i Sovjetunionen.

Under den andre verdskrigen var det mykje aktivitet nær desse einsame øyane. Den tyske kryssaren «Admiral Scheer» under kommandør Wilhelm Meendsen-Bohlken, destroyerane «Friedrich Eckoldt», «Erich Steinbrinck» og «Richard Beitzen» segla inn i Karahavet i lag med ubåtane «U 601» (Kaptein Grau) og «U 251» (kapt.lt. Timm) i august 1942 for å ta sovjetiske krigsskip.

Tyskarane viste at mange skip frå den sovjetiske flåten hadde søkt tilflukt i Karahavet på grunn av vernet som pakkisen gav ti månader av året. Den storeskala marineoperasjonen inn i Karahavet for å øydeleggje så mange russiske fartøy som mogeleg vart kalla Operasjon Wunderland.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

Koordinatar: 75°42′N 88°29′E