Mons Lie (15. februar 17572. august 1827) var ein norsk bygdemålsdiktar og politimann.

Mons Lie
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. februar 1757
Død

2. august 1827 (70 år)

Yrke skribent, låtskrivar

«Farsslektens eldste kjente hjemstavn er Feragen i Rørosdistriktet; efter at grubedriften kom igang her ved midten av 1600-tallet, blev disse distriktene utskilt fra Ålen prestegjeld,» heiter det i Norsk biografisk leksikon frå 1938. Ætta har likevel namn etter Storlia i same bygd. Før dei kom dit hadde dei sete på odelseigedomen Gjersvolden, ein del av Hov i Ålen som morsfolket til Mons hadde arva. Det er dette dalføre som meinast i oldebarnet Jonas Lie si bok Ulfvungerne. Boka tar til «i Ulvens Bygd, en trang afsides Dal høit oppe under de snetoppede Fjelde. Alle Ulfvunger bar de en vis interessant Fornemmelse af, at et Steds deroppe havde Slægtens Paradis, dens Vugge staat...i den for Tidens Ændringer og Blæst hermetisk lukkede Fjeldal - der havde dens Vugge staat. Og derfra hadde den sin mærkelige styrende Evne.» Mons Storlia fall ned stupbratte bakken som ung gut, braut armen, kom i Rørosverket sin skule, og vart til slutt politimeister i Trondheim. I 1814 vart han rekna for byens mest innflytnadsrike mann. Han skreiv seg for Mons Lie.

Beste inntrykket av Mons Lie får ein ved å lesa tippoldebarnet Erik Lie si bok Nådigherren frå 1921: Midels høg, rett rygg, kjevar av stål og kløft i haka, «hovshukku», dei framleis kallar. Det er hovsfolket slik ein har kjend dei både før og seinare. «Her hadde de gått som høvdinger i dalen, deres ord var lov for alle,» fortel Johan Falkberget. Erik Lie skildrar ein autoritær men rettskaffen personlegdom, ein politimeister som er hardast mot seg sjølv. Dette står i merkeleg kontrast til Mons Lies bygdeviser; dei er noko av det friskaste og mest uvørne skrive på norsk målføre. «En sprek og kraftig kar, men uvøren og hensynsløs,» heiter det i lokaltradsjonen. Erik Lie reiste 1914 ein bauta på staden der unge Mons fell ned lia og soleis bokstaveleg talt fell ned i ein karriere som førte han frå det låge jordgolvet i ei bondestove til kvitskurne tiljer i trondheimspalea.

Kjelder endre