Montagne Sainte-Victoire

Montagne Sainte-Victoire (provençalsk oksitansk Venturi/Santa Venturi eller Ventùri/Santo Ventùri) er eit kalkfjell sør i Frankrike, som strekkjer seg 18 km mellom departementa Bouches-du-Rhône og Var. Det høgaste punktet er Pic des mouches på 1 011 meter, men det høgaste punktet i Bouches-du-Rhône ligg i Sainte-Baume-massivet.

Montagne Sainte-Victoire
fjell
Montagne Sainte-Victoire og Croix de Provence
Land  Frankrike
Fjellkjede Sainte-Victoire-massivet
Høgd 1 011 moh.
Koordinatar 43°32′N 05°39′E / 43.533°N 5.650°E / 43.533; 5.650
Kart
Montagne Sainte-Victoire
43°32′21″N 5°38′43″E / 43.539166666667°N 5.6452777777778°E / 43.539166666667; 5.6452777777778
Wikimedia Commons: Montagne Sainte-Victoire

Fjellet er kjend for å vorte måla fleire gongar av Paul Cézanne.

Croix de Provence er ein topp på fjellet som stikk seg ut. Det er ein 19 meter høg bergutvekst forma som ein kross.

Historie og turisme endre

Opphavleg kalla montagne de la Victoire vart fjellet kjend for kristne i mellomalderen som Sainte-Venture. På 1200-talet vart det bygd eit kapell på toppen. Det var først på 1600-talet at fjellet fekk sitt noverande namn.

I 1989 brann 5 000 hektar på sørsida av fjellet ned som følgje av ein skogbrann. Ein har gjort mykje for å gjenplante desse områda, men vegetasjonen er ikkje like tett som han var før brannen.

 
«Mont Sainte-Victoire» (1897) av Paul Cézanne.

Kunstnarar endre

I tillegg til Cézanne har Montagne Saint-Victoire inspirert mange andre kunstanarar, som:

Bakgrunnsstoff endre