Montesilvano

kommune i Italia

Montesilvano er ein by og ein kommune i regionen Abruzzo i Italia. Kommunen har 50 000 ibuarar og eit areal på 23,6 km². Byen ligg straks nord for Pescara, den største byen i regionen, og er del av eit samanvakse byområde langs kysten av Adriahavet. Kommunen består av den opphavlege busetjinga Montesilvano Colle på ein ås litt inn i landet, samt den langt større bydelen Montesilvano Marina langs Adriahavet. Montesilvano tyder "det tredekte fjellet".

Utsyn mot Montesilvano
Byvåpnet til Montesilvano

Staden er omtala første gong i 1114, i eit dokument frå kong Roger 2. av Sicilia. Montesilvano var lenge ein liten by, først i 1904 var han ei sjølvstendig kommune. Ein stor marina vart bygt ved Adriahavet frå 1852 og framover, og staden vart eit reisemål. Bustadveksten på kysten var så stor at bysentrum vart flytta til hamneområdet i 1926. Etter andre verdskrigen heldt satsinga på turisme fram. Med bil- og masseturisme voks byen nærast eksplosivt frå 1960-åra. Mange hotell og utleige-hus har vorte bygt også i tida etterpå.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger på «Montesilvano» frå dk, den 12. desember 2013.