Moody Blue av Elvis Presley
Moody Blue Singel av Elvis Presley frå albumet Moody Blue | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 29. november 1976 | |
Innspelt | 4. februar 1976 | |
Sjanger | Countryrock | |
Lengd | 2:53 | |
Selskap | RCA | |
Låtskrivar(ar) | Mark James | |
Produsent | Felton Jarvis | |
Elvis Presley-kronologi | ||
«Hurt» (1976) |
Moody Blue | «Way Down» (1977)
|
«Moody Blue» er ein song gjort kjend av Elvis Presley. Songen vart skriven av Mark James,[1] som òg skreiv Presley-songen «Suspicious Minds». «Moody Blue» var den siste førsteplassen Presley fekk medan han levde, då songen toppa Billboard Hot Country Singles-lista i februar 1977.[2] «Moody Blue» nådde òg 31. plassen på Hot 100.[3] RCA Records gav òg ut ei særs avgrensa utgåve «Moody Blue» i ein eksperimentell, gjennomsiktig blå vinyl, med «She Thinks I Still Care» som B-side. Seks månader etter at «Moody Blue» toppa lista, var Presley gått bort.
Songen vart spelt inn i februar 1976 i Jungelrommet heime hos Presley i Graceland. Den einaste gongen Elvis framførte heile songen på konsert var 21. februar 1977 i Charlotte i Nord-Carolina. Han hadde prøvd å framføre songen 20. februar på same stad, men avslørte for publikum at han hadde gløymt teksten. 21. februar hadde han eit tekstark i handa. Begge utgåvene vart gjevne ut på «Follow That Dream»-utgåva av albumet Moody Blue.
Lister
endre
Vekeslisterendre
|
Årslisterendre
|
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Moody Blue (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 26. juni 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Moody Blue». Allmusic. 21. juni 2007.
- ↑ Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 273.
- ↑ Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits: Eighth Edition. Record Research. s. 504.
- ↑ http://nztop40.co.nz/chart/singles;chart=2740[daud lenkje]
- ↑ MBAJ&printsec=frontcover Billboard, 24. desember 1977.
- ↑ http://nztop40.co.nz/chart/;chart=3866[daud lenkje]