Morgen av Ivo Robić

«Morgen» er ein populær tysk song frå 1959, opphavleg framført (på tysk) av Ivo Robić and The Song-Masters. Songen er skriven av Peter Moesser,[1] og vart ein hit i Tyskland, og seinare i USA der han i 1959 nådde 13. plassen på hitlista.[2]

Ein engelsk versjon, kalla One More Sunrise (tekst av Noel Sherman) vart gjeven ut av Leslie Uggams,[3] Vera Lynn[4] og andre artistar på denne tida. Den einaste artisten som nådde topp 20 i Storbritannia var versjonen til Dickie Valentine i oktober til desember 1959 med ein 14. plass som høgast plassering.[5]

The Ventures spelte inn ein instrumentalversjon for debutalbumet deira i 1960, Walk, Don't Run.[6][7]

Bing Crosby spelte songen i 1961 på albumet Holiday in Europe og Petula Clark song songen i 1965 på albumet hennar The World's Greatest International Hits.[8]

Kjelder endre

  1. «Secondhandsongs.com». Secondhandsongs.com. Henta 26. februar 2018. 
  2. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits. New York: Biilboard Books. s. 533. ISBN 0-8230-7499-4. 
  3. «45cat.com». 45cat.com. Henta 26. februar 2018. 
  4. «45cat.com». 45cat.com. Henta 26. februar 2018. 
  5. British Hit Singles & Albums. UK: Guinness World Records Ltd. 2005. s. 528. ISBN 1-904994-00-8. 
  6. The Ventures discography
  7. «Discogs.com». Discogs.com. Henta 26. februar 2018. 
  8. «Discogs.com». Discogs.com. Henta 26. februar 2018.