Morgenbladet

norsk avis

Morgenbladet er ei avis som kjem ut i Oslo kvar fredag. Ho har eit stadfesta nettoopplag på 15 720.[1] Ansvarleg redaktør er Sun Heidi Sæbø.[2]

Morgenbladet

LandNoreg
TypeVekeavis
FormatTabloidformat
Grunnlagd1. januar 1819
Pris59 kr (laussal)
EigararMentor Medier
UtgjevarMorgenbladet A/S
Sjefredaktør(er)Sun Heidi Sæbø (oktober 2019)
SpråkNorsk
Politisk posisjonUavhengig, tidlegare konservativ
Opplag28 998 (netto 2017)
Papiravisdel 26 174
HovudkvarterChristian Krohgs gate 16, Oslo
Nettstadhttps://morgenbladet.no/
Framside 2. januar 1820

Avisa har som mål å vere ei ubunden røyst i den offentlege debatten og konsentrerer seg hovudsakleg rundt temaa kultur, media, politikk, kunst og litteratur. Tidlegare var avisa ei konservativ avis.

Dei viktigaste eigarane i Morgenbladet er Forlagskonsult, Fritt Ord og Dagsavisen.

Historie endre

Boktrykkar Niels Wulfsberg stod bak den første utgåva av Morgenbladet, som kom ut 1. januar 1819. Ingen norske dagsaviser er eldre. Avisa kom med undertittelen «En daglig Avis af alle Slags Indhold» og vart trykka av det Wulfbergske Boktrykkeri under faktor Rasmus Hviid.

Morgenbladets første format var 20 x 20 cm, mindre enn dagens A4-format. Sidetalet var fire. Dette formatet heldt avisa på i 17 år.

Wulfsberg utgav til tross for at enkelte krefter meinte at ein hadde nok aviser i landet. Morgenbladet utkom samtidig med aviser som Nationalbladet, Drammens Tidende, Budstikken og Rigstidende.

Utover 1820-talet vart Morgenbladet sett på som ei av dei viktigaste avisene i Noreg.

Adolf Bredo Stabell endre

Morgenbladet fekk i 1831 med Adolf Bredo Stabell, som første norske avis, ein redaktør som førte ei langsiktig politisk line. Med inspirasjon fra utlandet innførte Stabell leiarartikelen. Gjennom sitt politiske ståsted og uahenighetsideal i Morgenbladet vart Stabell ein av dei fremste bidragsytarane til utforminga av den norske redaktørrollen.

1900-talet endre

Carl Joachim Hambro d.e. var Morgenbladets redaktør under og etter den første verdskrigen.

Avisa vart under den andre verdskrigen stoppa av den tyske okkupasjonsmakta i april 1943. Redaktørane Olaf Gjerløw og Fredrik Ramm vart sende i tysk fangenskap.

Etter krigen gjekk det stadig nedover med Morgenbladet.

I perioden 1963 til 1982 var Chr. Christensen (C.C.) redaktør i avisa.

Ein periode på 1980-talet vart avisa utgjeven av Hroar Hansen, som også stod bak Søndag Søndag. I denne perioden var Hans Geelmuyden redaktør. Etter ei tid trekte likevel Geelmuyden og det meste av redaksjonen seg etter fleire konfliktar med Hansen.

I 1993 kjøpte Truls Lie avisa, som vart omgjort til ei vekeavis.

Ansvarlege redaktørar endre

Kjelder endre

  1. «Avisenes leser- og opplagstall for 2006» Arkivert 2007-04-27 ved Wayback Machine. frå Mediebedriftenes Landsforening, publisert 12. februar 2007
  2. «Ansatte», morgenbladet.no (på norsk bokmål), henta 11. april 2020 

Litteratur endre

  1. Bastiansen, Henrik G. og Dahl, Hans Fredrik : Norsk Mediehistorie – Universitetsforlaget – ISBN 82-15-00325-7

På nettet: endre

Bakgrunnsstoff endre