Valevåg-Mosterhamn
(Omdirigert frå Mosterhamn-Valevåg)
Valevåg-Mosterhamn var eit ferjesamband i Sunnhordland som gjekk mellom Valevåg i Sveio kommune til Mosterhamn i Bømlo kommune, over Bømlafjorden. Sambandet var opphavleg ein del av Leirvik-Valevåg-Mosterhamn, som starta opp i 1957, men i 1983 opna ferjekaien på Skjersholmane på Stord og sambandet vart delt i to, Valevåg-Mosterhamn og Valevåg-Skjersholmane.
Sambandet vart lagt ned i 2000 då Trekantsambandet opna.
Ferjer
endre- MF «Tysnes» - det meste av tida fram til 2000.