Motkulturen i 1960-åra

(Omdirigert frå Motkulturen på 1960-talet)

Motkulturen i 1960-åra syner til eit kulturfenomen som var mot etablissementet og dukka først opp i USA, før det spreidde seg til det meste av den vestlege verda mellom byrjinga av 1960-åra og midten av 1970-åra. New York City og San Francisco var arnestaden for den tidlege motkulturaktiviteten. Den samla rørsla skaut fart etter kvart som den amerikanske borgarrettsrørsla voks, og vart revolusjonær då den amerikanske regjeringa vart meir aktiv under Vietnamkrigen.[3][4][5] Utover i 1960-åra oppstod det andre sosiale spaningar vedrørande andre saker, og hadde ein tendens til å flyte langs generasjonslinjene. Desse omhandla seksualitet, kvinnerettar, tradisjonelle styresett, eksperimentering med psykofarmaka og forskjellige tolkingar av den amerikanske draumen.

Fredssymbol vart designa og først nytta i Storbritannia under Campaign for Nuclear Disarmament, og vart seinare synonymt med motstand mot Vietnamkrigen.[1][2]

Etter kvart som tida utvikla seg, oppstod nye kulturelle former og ein dynamisk subkultur som la vekt på eksperimentering, moderne variantar av det bohemske og oppstarten på hippiane og andre alternative levesett. Denne omfamninga av kreativitet er særleg merkbar i musikken til banda i den britiske bølgja som the Beatles, og filmskaparar som vart langt mindre sensurerte enn før. I tillegg til trendsetjarane i Beatles, var det mange andre kreative kunstnarar, forfattarar og tenkjarar som var med på å definere motkulturrørsla.

Fleire faktorar skilde motkulturen i 1960-åra frå dei anti-autoritære rørslene i tidlegare tider. Fødselsbølgja etter andre verdskrigen[6][7] skapte ei eineståande rekkje med potensielt misnøgde unge menneske som potensielt kunne delta i nytenkinga for kva retning det amerikanske og andre demokratiske samfunn skulle ta.[8] Velstanden i etterkrigstida gjorde at generasjonen som voks opp i motkulturen kunne fokusere på andre ting enn det å berre overleve, slik foreldra, som voks opp under den store depresjonen, måtte gjere.[9] Epoken var òg merkverdig ved at ein stor del av rekkja av åtferd og «saker» innafor den større rørsla raskt vart teken opp i storsamfunnet, særleg i USA, sjølv om deltakarane i motkulturen var i klart mindretal i forholdet til folketalet i dei landa dei oppstod i.[10][11]

Motkulturtida starta i røynda for alvor med mordet på John F. Kennedy i november 1963. Dette vart absorbert inn i populærkulturen då Vietnamkrigen enda og USA slutta med verneplikt i 1973, og til slutt med avgangen til president Richard Nixon i august 1974.

Viktige personar endre

Under er ei liste av folk som var kjende for engasjementet sitt i motkulturen i 1960-åra.


Kjelder endre

  1. Liungman, Carl (1991). Dictionary of Symbols. Santa Barbara, CA: ABC-CLIO. s. 253. ISBN 0-87436-610-0. 
  2. Westcott, Kathryn (March 20, 2008). «World's best-known protest symbol turns 50». bbc.co.uk. BBC. Henta 23. september 2016. 
  3. Hirsch, E. D. (1993). The Dictionary of Cultural Literacy. Houghton Mifflin. ISBN 978-0-395-65597-9. s. 419. "Members of a cultural protest that began in the U.S. in the 1960s and affected Europe before fading in the 1970s ... fundamentally a cultural rather than a political protest."
  4. Anderson, Terry H. (1995). The Movement and the Sixties. Oxford University Press. ISBN 978-0-19-510457-8. 
  5. Landis, Judson R., red. (1973). Current Perspectives on Social Problems (Third utg.). Belmont, California: Wadsworth Publishing Co. s. 2. ISBN 0-534-00289-7. 
  6. «Birth Rate Chart» (GIF). CNN (CNN). August 11, 2011. «Annotated Chart of 20th Century US Birth Rates» 
  7. «Baby Boom population - U.S. Census Bureau - USA and by state». Boomerslife.org. Henta 23. september 2016. 
  8. Churney, Linda (1979). «Student Protest in the 1960s». Yale-New Haven Teachers Institute: Curriculum Unit 79.02.03. Henta April 18, 2014. «This unit focuses on student protest in the 60s» 
  9. Frank Kidner; Maria Bucur; Ralph Mathisen; Sally McKee; Theodore Weeks (December 27, 2007). Making Europe: People, Politics, and Culture, Volume II: Since 1550. Cengage Learning. s. 831–. ISBN 0-618-00481-5. 
  10. Professor Joan Shelley Rubin; Professor Scott E. Casper (March 14, 2013). The Oxford Encyclopedia of American Cultural and Intellectual History. Oxford University Press. s. 264–. ISBN 978-0-19-976435-8. 
  11. Roger Kimball (October 10, 2013). The Long March: How the Cultural Revolution of the 1960s Changed America. Encounter Books. s. 82–. ISBN 978-1-59403-393-3.