Motorisert infanteribataljon i Russland

Ein motorisert infanteribataljon i Russland er i regelen del av ein motorisert infanteribrigade, og då er den standard Krigsoppsettingsplanen slik:[1][2]

Kommando og kontrollEndra

    • Bataljonsleiingslag med bataljonssjef og teknisk nestkommanderande
    • Bataljonsstab
    • Sambandslag
  • Etterretningstropp med to etterretningslag

ManøverEndra

Tre motoriserte infanterikompani, kvart med kompanileiing med kompanisjef, teknisk nestkommanderande og tre troppar med tre pansra personellkøyretøy i kvar tropp - totalt 10 pansra personellkøyretøy i kompaniet. Med tre kompanier vert dette totalt 30 pansra personellkøyretøy med eit infanterilag på 8 soldatar i kvar. Kompaniane vert nummererte med 1 - 3 i første bataljon, 4 - 6 i andre bataljon og 7 - 9 i tredje motoriserte infanteribataljon i ein motorisert infanteribrigade.[3]


EldstøtteEndra

  • Bombekastarbatteri med ei tropp for leiing med artillerietterretningslag og eit sambandslag - og to bombekastartropper (2B14 Podnos og 2B9 Vasiljok)
  • Granatkastartropp med tre granatkastarlag
  • Panserverntropp med tre panservernlag

IngeniørstøtteEndra

  • Ingeniørtropp med to sappørlag og eit ingeniørteknisk lag

LogistikkEndra

  • Forsyningstropp med troppssjef (fenrik) og materiellsjef (fenrik)
    • Verkstadeknisk lag med beltekøyretøy og transportutstyr
    • Verkstadeknisk lag med hjulkøyretøy og transportutstyr
    • Automobillag med lagførar, to fagsjefar for sjåførar/drivstoffansvarlege/makanikarar, to sjåførar/drivstoffansvarlege og fem sjåførar
      • Fem ammunisjonslastebilar av og fire drivstofflastebilar av typen ATM
    • Kokkelag med lagførar, kokk og tre soldatar
      • Zil-131 eller tilsvarande med tilhenger AL-1,5 og eit feltkjøkken av typen PAK-200
    • Sanietslaget inneheld 6 soldatar. Derav lagførar, ein sanitetsinstruktær, tre menige og ein sjåfør-mekanikar.
      • Køyretøyet er som regel ein UAZ-452A ambulanse med tilhengar av typen AP-0,5

OppsummertEndra

Til saman vert det bruk for vel 500 soldatar i bataljonen. 43 stormpanservogner av typen BMP eller PPK av typen BTR eller MT-LB. 6 stykker 2B9 Vasiljok i bombekastartroppa, 6 stykker 9K111 Fagot og 6 stykker 9K115 Metis i panserverntroppa. Av upansra køyretøy krev krigsoppsettingsplanen 42 lastebilar.

ReferansarEndra

  1. https://game-unit.ru/motostrelkovyiy-batalon-armii-rf/
  2. http://www.modernarmy.ru/article/455/motostrelkovaya-rota-sostav
  3. http://ebooks.grsu.by/takt_i_tech_podg/tema-4-organizatsionno-shtatnaya-struktura-vooruzhenie-i-boevaya-tekhnika-motostrelkovoj-roty.htm