Mount Gudmundson
Mount Gudmundson er eit stort sett isfritt fjell, 2040 meter over havet, som ligg 6 nautiske mil nordaust for Fault Bluff i Cook Mountains i Antarktis. Det vart kartlagd av US Geological Survey frå tellurometermålingar og flyfoto, 1959–63, og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter Julian P. Gudmundson i U.S. Navy som var ekspert på eksplosivar og som overvintra ved Little America V i 1957. Han sprengde fundament for atomkrafverket ved McMurdo-basen i løpet av U.S. Navy Operasjon Deep Freeze i 1961.[1]
Mount Gudmundson | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Cook Mountains | ||
Topp | Oates Land | ||
• høgd | 2 040 moh. | ||
- koordinatar | 79°13′S 157°51′E / 79.217°S 157.850°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Gudmundson 79°13′00″S 157°51′00″E / 79.2167°S 157.85°E | |||
Kjelder
endre- ↑ «Gudmundson, Mount». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 16. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Gudmundson, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).