Mount Kirkpatrick
Mount Kirkpatrick er eit høgt, generelt isfritt fjell i Queen Alexandra Range i Antarktis. Det ligg 8 km vest for Mount Dickerson og er det høgaste punktet i både Queen Alexandra Range og Dei transantarktiske fjella. Det vart oppdaga og namngjeven av den britiske antarktiskekspedisjonen (1907–09), og kalla opp etter ein forretningsmann frå Glasgow som var av dei første til å støtte ekspedisjonen. Mount Kilpatrick er eit alternativt namn på fjellet.
Mount Kirkpatrick | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjeder | Queen Alexandra Range | ||
Topp | Ross Dependency | ||
- høgd | 4 528 moh. | ||
- Primærfaktor | 2 601 m | ||
- koordinatar | 84°20′S 166°25′E / 84.333°S 166.417°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Kirkpatrick 84°20′00″S 166°25′00″E / 84.333333333333°S 166.41666666667°E | |||
Fossilfunn på Mount Kirkpatrick endre
Eit av dei viktigaste fossilfunna i Antarktis er gjort på Mount Kirkpatrick i Hanson-formasjonen. Fordi Antarktis brukte å vere varmare hadde kontinentet tidlegare ein tett bar- og konglepalmeskog, og fordi alle kontinenta tidlegare hang saman i eit enormt superkontinent kalla Pangaea, var dyrelivet i Antarktis i nær slektskap med funn gjort andre stader i verda. Mellom anna er det funne fossil av fleire dinosaurar her.
Sjå òg endre
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Mount Kirkpatrick» frå Wikipedia på engelsk, den 9. april 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: