Mount Rushmore National Memorial, i daglegtale Mount Rushmore, er eit nasjonalt minnesmerke som ligg i Keystone, Sør-Dakota, USA. Minnesmerket omfattar ein park på 5 km².

Fire amerikanske presidentar på éin valdsamt brett: (frå venstre) George Washington, Thomas Jefferson, Theodore Roosevelt og Abraham Lincoln

Mellom 1927 og 31. oktober 1941 laga den dansk-amerikanske skulptøren Gutzon Borglum og 400 andre arbeidarar den 18 meter høge bysta av presidentane George Washington, Thomas Jefferson, Theodore Roosevelt og Abraham Lincoln for å markera landet sitt 150-årsjubileum. Vitjande til parken kjem fyrst og fremst dit for å sjå granittskulpturane, men det er òg mogleg å vitja studioet som vart brukt under arbeida, og som vart bygd i 1939. Her er utstilling av gipsmodellar og instrument tilknytte arbeida.

Det amerikanske presidentflyet Air Force One over Rushmorefjellet

Nyleg vart nye fasilitetar for vitjande ferdigstilt etter ein ti år lang byggeprosess. Desse inneheld eit nytt besøkssenter og eit museum, og dessutan ein tursti (The Presidential Trail) som gjev ein betre utsikt til fjellskulpturen.

Rushmorefjellet er tilhaldsstad for mange dyr og plantar som høyrer til i Black Hills i Sør-Dakota. Dei geologiske formasjonane i hjartet av Black Hills regionen er òg tydelege i Rushmorefjellet, og inkluderer store samlingar av granitt.

Kjelder endre