Opna hovudmenyen

Movatn er ein tettstad i Maridalen i Oslo kommune, som ligg 19 kilometer nord for Oslo sentrum og like ved kommunegrensa mot Nittedal. Han er den einaste tettstaden i kommunen Oslo utanfor tettstaden Oslo og har 290 innbyggjarar per 1. januar 2017.

Movatn
tettstad
Sondre movatn tog.jpg
Søre Movatn og Movatn stasjon
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Oslo
Kommune Oslo
Areal 0,56 km²
Folketal 290 (2017)
Folketettleik 518 / km²
Postnummer 0890 Oslo
Wikimedia Commons: Movatn

Movatn er mest kjent som ein haldeplass på Gjøvikbanen med Movatn stasjon. Bygda er mykje brukt som utgangspunkt til utfartar i Oslomarka. Både Nordmarka og Lillomarka er godt tilgjengelege herfrå både sommar og vinter.[1]

KjelderEndra

  1. «Movatn». Store norske leksikon. 17. februar 2009. Henta 16. april 2018.