Mtskheta
Mtskheta მცხეთა | |
---|---|
Styresmakter | |
Land | Georgia |
Geografi | |
Innbyggjarar[1] - By (2014) |
7 940 |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 480 m |
Tidssone | MSD (UTC+4) |
Mtskheta (georgisk მცხეთა) er ein by i Georgia som ligg om lag 20 kilometer nordvest for Tbilisi. Han er administrasjonssentrum i regionen Mtskheta-Mtianeti. Dei historiske bygningane i Mtskheta står på UNESCO si liste over verdsarv.
Land | Georgia |
---|---|
![]() | Innskriven ved UNESCOs 18. sesjon i 1994. Referansenr. 708. |
Kriterium: | (III)(IV) |
Sjå òg | Verdsarvstader i Asia |
Bakgrunnsstoff | Mtskheta ved unesco.org |
Dei eldste arkeologiske funna i byen er datert til før 1000 f.Kr., og han er dermed ein av dei eldste byane i Georgia. Mtskheta var hovudstad i det gamle kongedømet Kartli frå 2000-taletf.Kr. til 400-talet e.Kr. I 337 blei kristendommen utropt til den offisielle religionen i landet her, og den georgiske kyrkja har framleis hovudsete i Mtskheta.[2]
Svetitskhoveli-katedralen i Mtskheta er den viktigaste kyrkja i Georgia. På ei høgd nær byen ligg Jvari-klosteret, som er eit anna viktig døme på tidleg georgisk arkitektur.
KjelderEndra
- ↑ Georgia Citypopulation.de
- ↑ Centre, UNESCO World Heritage, «Historical Monuments of Mtskheta», UNESCO World Heritage Centre (på engelsk), henta 29. mai 2019
- Denne artikkelen bygger på «Mtskheta» frå Wikipedia på bokmål, den 29. mai 2019.