Opna hovudmenyen
Mull of Kintyre
Singel av Wings
A-side «Girls' School»
Utgjeve 11. november 1977
Innspelt 9. august 1977
Sjanger Softrock
Lengd 5:10
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Paul McCartney, Denny Laine
Produsent Paul McCartney
Wings-kronologi
«Maybe I'm Amazed»
(1977)
Mull of Kintyre «With a Little Luck»
(1978)


«Mull of Kintyre» er ein song av rockebandet Wings skriven av Paul McCartney og Denny Laine. Songen vart skriven som ein hyllest til Kintyre-halvøya i Skotland og neset Mull of Kintyre, der McCartney hadde eigd High Park Farm sidan 1966. Songen vart den største hitten til Wings i Storbritannia, der han låg på toppen av singellista juleveka 1977, og vart den førte singelen som selde over to millionar eksemplar i landet.[1][2][3]

Innhaldsliste

HistorieEndra

«Mull of Kintyre» vart spelt inn 9. august 1977 i Spirit of Ranachan Studio i High Park Farm i Skottland, under ein pause i innspelinga av London TownLinda McCartney var høggravid. Campbeltown Pipe Band frå nærliggande Campbeltown spelar sekkepiper på songen. Vokalen og den akustiske gitaren til McCartney vart spelt inn utandørs.[4] «Mull of Kintyre» og «Girls' School» (ein rokelåt tidlegare spelte inn for London Town) kom ut som ein dobbel A-side-singel den 11. november 1977. Songen vart gjeven ut på samlealbumet Wings Greatest i 1978,[5] All the Best! i 1987[6], Wingspan: Hits and History i 2001 og Pure McCartney i 2016.

MottakingEndra

I Storbritannia låg singelen ni veker på toppen av singellista, mellom anna over juleveka. Det vart òg ein internasjonal hit og nådde høgt på lista i Australia og fleire andre land i jula 1977. Han vart den første singelen som selde over to millionar eksemplar i Storbritannia aleine og vart då den bestseljande singelen, føre The Beatles sin «She Loves You»). Rekorden vart seinare slått av Band Aid sin «Do They Know It's Christmas?» i 1984 (som òg hadde ein McCartney-song som B-side).[7] Songen har 2,08 millionar eksemplar i Storbritannia.[8]

Songen vart ikkje ein stor hit i Nord-Amerika, der «Girls' School» vart meir spelt på radio og nådde 33. plassen på Billboard Hot 100 og 34. plass på den kanadiske RPM-lista. «Mull of Kintyre» vart ikkje ein hit i det heile i USA, men nådde 45. plassen på Easy Listening-lista.[9][10]

Andre versjonarEndra

Glen Campbell spelte inn songen i 1982 på albumet hans Old Home Town. På konsertar spelte Campbell ofte sekkepipe sjølve.[11]

Cheyenne Kimball spelte inn songen på albumet «Let Us In» Nashville – A Tribute to Linda McCartney, i 2011.[12]

Wings-medlemmet Denny Laine spelte inn «Mull of Kintyre» i 2007 på albumet sitt Performs the Hits of Wings.[13]

Den irske songgruppa Celtic Thunder pelte songen på den første konsert-DVD-en sin, Celtic Thunder: The Show» frå 2008.

Charlie Gracie og gruppa Clutch Cargo spelte inn songen som ein veldedig singel i 2012.[14]

Den franske arrangøren og komponisten Franck Pourcel spelte inn ein orkesterversjon av songen i 1977.

Susan Boyle framført songen under opningsseremonien til Samveldeleikane 2014 i Glasgow den 23. juli 2014.

MedverkandeEndra

  • Paul McCartney – solovokal, akustisk bassgitar, akustisk gitar
  • Linda McCartney – korvokal, perkusjon
  • Denny Laine – korvokal, akustisk and elektrisk gitar
  • Campbeltown Pipe Band – sekkepipe og trommer

SalslisterEndra

VekeslisterEndra

Liste (1977-78) Plassering
UK Singles Chart[15] 1
Australske Kent Music Report 1
Den austerrikske singellista[16] 1
Den belgiske singellista[17] 1
Canada RPM Hot 100 44
Den nederlandske singellista 1
Den tyske Media Control-lista 1
Irish Singles Chart 1
New Zealand (RIANZ) 1
Den norske VG-lista[16] 2
Den svenske singellista[16] 14
Den sveitsiske singellista[16] 1
Den japanske Oricon-lista[18] 69
US Billboard Adult Contemporary[19] 45

ÅrslisterEndra

Liste (1977) Plassering
Storbritannia [20] 1
Liste (1978) Plassering
Australia [21] 2
New Zealand [22] 3
Sveits [23] 4

SalstroféEndra

Region Salstrofé Salstal
Belgia (BEA)[24] Gull 100,000*
Tyskland (BVMI)[25] Gull 250 000^
Irland (IRMA)[26] 2× Platina 100,000x
Storbritannia (BPI)[27] 2× Platina 2 080 000[8]

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. «Paul McCartney Biography». NME. Henta 21. mai 2018. 
  2. «UK Top 10 Best Selling Singles». UK Charts. Henta 21. mai 2018. 
  3. «Official Charts: Paul McCartney». The Official UK Charts Company. Henta 21. mai 2018. 
  4. Luca Perasi, Paul McCartney: Recording Sessions (1969-2013), L.I.L.Y. Publishing, 2013, ISBN 978-88-909122-1-4, s. 163.
  5. «Wings Greatest». JPGR. Henta 21. mai 2018. 
  6. «Paul McCartney - All The Best CD Cover». Cover Dude. Arkivert frå originalen 7. juni 2014. Henta 21. mai 2018. 
  7. McCartney: Songwriter ISBN 0-491-03325-7 s. 121
  8. 8,0 8,1 Myers, Justin (21. mai 2018). «Official Top 20 biggest selling Christmas songs revealed». Official Charts Company. Henta 21. mai 2018. 
  9. «Billboard Hot 100». Billboard Magazine. 14. januar 1978. s. 96. Henta 21. mai 2018. 
  10. «Billboard Top 50 Easy Listening». Billboard Magazine. 4. februar 1978. s. 34. Henta 21. mai 2018. 
  11. Merv GriffinShow (10. juli 2012). «Glen Campbell plays bagpipes on «Mull of Kintyre»- (Merv Griffin Show 1981)». YouTube. Henta 21. mai 2018. 
  12. «“Let Us In” Nashville – A Tribute To Linda McCartney Now Available - Country Music Tattle Tale». Arkivert frå originalen 22. april 2012. Henta 5. desember 2011. 
  13. «Performs the Hits of Wings». Allmusic. Henta 21. mai 2018. 
  14. Manney, George (11. april 2012). «Mull of Kintyre - Charlie Gracie with Clutch Cargo». YouTube. Henta 21. mai 2018. 
  15. «UK Singles Chart». Chartstats.com. Arkivert frå originalen 10. februar 2009. Henta 21. mai 2018. 
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 «Wings - Mull Of Kintyre». austriancharts.at. Henta 21. mai 2018. 
  17. «Mull Of Kintyre / Girls School». Belgian-beatles-society.com. Henta 28. mars 2014. 
  18. «Paul McCartney Japanese Singles Chart listings». Original Confidence. Henta 21. mai 2018. 
  19. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
  20. Hunter, Nigel; Scaping, Peter, red. (1978). «Top 100 Singles in 1977». BPI Year Book 1978 (3rd utg.). London, England: The British Phonographic Industry Ltd. s. 216–17. ISBN 0-906154-01-4. 
  21. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (doc). Australian Chart Book, St Ives, N.S.W. ISBN 0-646-11917-6. 
  22. «End of Year Charts 1978». Recorded Music NZ. Henta 1. mai 2017. 
  23. Swiss Year-End Charts, 1978
  24. «Belgian single certifications – Wings – Mull of Kintyre». Belgian Entertainment Association. Archived from the original on 28. september 2015. Henta 21. mai 2018. 
  25. «Gold-/Platin-Datenbank (Wings; 'Mull Of Kintyre')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 21. mai 2018. 
  26. «Irish single certifications – Mull Of Kintyre – Wings». Irish Recorded Music Association. Archived from the original on 21. mai 2018. Henta 21. mai 2018. 
  27. «British single salstrofé – Wings – Mull of Kintyre». British Phonographic Industry. Henta 21. mai 2018.  Enter Mull of Kintyre in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go