Multimedia Messaging Service

Multimedia Messaging Service (MMS) er eit system som gjer det mogleg å senda og motta ulike multimedia (til dømes bilete, lydar og videoklipp) i tillegg til tekst, gjennom WAP-protokollen.

Grunnleggjande om MMS endre

MMS er ein videreutvikling av Short Message Service (SMS) (SMS er eit tekstmeldingssystem for mobile nettverk). MMS er ikkje avgrensa til meldingar med berre tekst. Multimediemeldinger med bilete, video, lydar osb. kan sendast og vert motteke.

Korleis MMS verkar endre

MMS virke ved at ein abonnent brukar ein MMS-klient for å laga og senda ein MMS-melding til éin eller fleire mottakarar. Ein MMS-adresse kan anten vera ei E.164-telefonnummer (t.d. +4787654321) eller ei e-postadresse etter RFC 2822 (t.d. dittnavn@example.com).

Leveringsmetoder endre

Det er to leveringsmetoder i MMS: umiddelbar og utsett:

  1. umiddelbar levering: Når MMS-klienten mottek ein MMS-varsel vil den med éin gong (utan brukarintervensjon) motta MMS-meldinga. Etter at meldinga er motteken vil abonnenten varslast.
  2. utsett levering: MMS-klienten varslar abonnenten om at ein MMS-melding er tilgjengeleg og lèt abonnenten velja om og når meldinga skal mottakast.

Historie endre

MMS vart opphavleg utvikla av Third-Generation Partnership Program (3GPP), eit standardiseringsorgan med fokus på standardar for UMTS/GSM-nettverka.

Sidan då har MMS vorte teken i bruk over heile verda og over både GSM/GPRS- og CDMA-nettverk.

MMS har òg vorte standardisert av Third-Generation Partnership Program 2 (3GPP2), eit standardiseringsorgan fokusert på spesifikasjonar for CDMA-nettverk.

Sjå òg endre

Protokollar endre

  • EAIF — Nokias External Application Interface
  • MM7 — 3GPP-standarden for MMS-applikasjonar

Kjelder endre