Mumiar

(Omdirigert frå Mumifisering)

Mumiar er lik av eit dyr eller menneske som er blitt bevart gjennom mumifisering. Dette vil seia at den naturlege rotninga har stogga gjennom fysikalske og/eller kjemiske tilhøve. Uttørking, sterk kulde, lite oksygen og bruk av visse kjemiske stoff kan alle hindra den naturlege bakterienedbrytinga av leivningar og dermed bidra til mumifisering. I tillegg kan inngrep som å ta ut lettrotnande innvolar og vernande bandasjering bidra til mumifisering.

Naturleg mumifisert sjøhest.
Den livaktige handa til ein naturleg uttørka mumie frå Guanajato i Mexico.

Mumifiseringsprosessen blei reindyrka gjennom balsamering i det gamle Egypt, der ein meinte kroppen trongst i livet etter døden, og mumiar derfrå er blitt best kjende. Innan arkeologien utvida ein etter kvart mumieomgrepet til å gjelda dei mumifiserte leivningane ein måte finna, både dei som var laga til kunstig og dei som hadde blitt mumiar naturleg.

Mumie med svart hud i British Museum.
Foto: David Monniaux, 2005

Ordsoge endre

Ordet mumie kjem frå det latinske mumia som igjen stammar frå det arabiske ordet for bitumen, mūmiyyah (مومية). Dette viser til den svarte huda mumiane hadde, som ein meinte kom av bitumenbruk i egyptiske mummifiseringsritual. Ord som mumie, momie og mommie blei brukt i Mellomalder-Europa om mumiepulver.

 
Den mumifiserte kroppen til heilage Virginia Centurione, ein katolsk helgen.

Naturlege mumiar endre

Mumiar kan skapast naturleg gjennom særskilde miljø:

  • Kulde kan frysa og i nokre høve tørka ut lik. Pazyryk-folka er blitt bevarte i 2500 år i gravene sine av permafrosten i Sibir. Folk som er omkomne i kulda, som 5000 år gamle «Ötzi» frå Alpane, «Juanita» frå Andes og Qilakitsoq-mumiane frå Grønland, er også blitt kjende og vitskapleg lærerike mumiar.
  • Mugg av visse typar kan tørka ut lik slik at dei ikkje blir brotne ned vidare, som i Chiesa dei Morti i den italienske byen Urbania.
  • Uttørking av kroppen før døden, gjennom til dømes sjukdom eller faste, gjer mumifisering meir sannsynleg.

Naturleg mumifisering har vore forklart med at den døde er særskilt rein eller heilag, til dømes i samband med bevarte kristne helgenar og buddhistmunkar si sjølvmumifisering gjennom meditasjon og faste. I andre høve, som med ridder von Kahlbutz, er mumifiseringa forklart som ei straff for ein falsk eid.

Fleire stader der ein dreiv med mumifisering, som i Egypt og ved Atacama-ørkenen i Sør-Amerika, er det også funne ei rekke naturlege mumiar.

Kunstige mumiar endre

Dei best kjende mumiane er dei som er blitt mumifisert med vilje. Dei egyptiske mumiane er best kjende, men ein mumifiserte òg lik i stor stil på Kanariøyane, i Sør-Amerika og i Oseania.

Sør-amerikanske mumiar endre

 
Chinchorro-mumiar i eit chilensk museum.

Mumiane frå Chinchorro er dei eldste mumifiserte menneskeleivningane som er funne. Svarte og raude mumiar blei laga gjennom kompliserte prosessar av eit fiskarfolk i det tidlegare Inkariket, no nordlege Chile og sørlege Peru. Ein tok truleg til å laga mumiar rundt 5000 f.Kr., med eit høgdepunkt i det fjerde tusenåret f.Kr. Dei siste blei truleg laga på 1800-talet f.Kr. Skikken synest å ha omfatta alle menneske som døydde, uavhengig av alder og sosial stilling. Sidan fleire av mumiane er nedslitne ser det ut til at dei har vore vist fram og dyrka.

I den eldste mumifiseringsteknikken, som gav svarte mumiar, blei kroppen tatt frå kvarandre, beina reinska for kjøtt, og så sett saman igjen ved hjelp av pinnar. Innvolane blei erstatta med leire, dyrehår og tørka sjøgras. Ein trekte huda over, tetta igjen hol med sjøløvehud, og dekte så heile kroppen med ei smørjing av oske eller mangan. Mange mumiar blei utstyrt med fint utforma masker og kjønnsorgan av leire og forseggjorte hjelmar eller parykkar.

Seinare Chinchorro-mumiar, frå om lag 2500 f.Kr. av, blei gjort raude ved hjelp av oker. No tok ein ut hjernen, musklar og innvolar gjennom små hol i hovud, armar, føter og hovud. Kroppen blei truleg tørka med vamre kol og så fylt av leire, pinnar og lamahår, før hola blei sydd igjen med menneskehår på ei kaktuspiggnål. Leirefjesa hadde opne munnar og auge til forskjell frå dei tidlegare «sovande» mumiane.

Paracas-folk som levde ved stillehavskysten rundt 400 f.Kr. mumifiserte dei døde ved å vikla dei inn i vove bomullsklede, binda dei saman i ei sitjande stilling, setja dei i ei korg og plassera dei i eit gravkammer. Det er ukjend om dei gjorde dette for at lika skulle mumifiserast, eller om dette berre skjedde av seg sjølv.

Chachapoya-folket frå nord i dagens Peru mumifiserte også døde. På 1990- og 2000-talet er det oppdaga nokre hundretals av deira mumiar, men fleire av desse er skada.

Inkariket, som erobra chapachoyafolket, produserte to typar mumiar, av barn og av herskarar. Den eine var naturleg mumifisering av barn som var blitt ofra og lagd til kvile høgt i Andesfjella, der dei blei frosne av kulda og ofte tørka av vind.

Inkaherskarane blei truleg mumifiserte ved ein ukjend metode. Dei blei sette samankrøkte på ei spesiell trone med armane over brystet. Det var lagt gull- og sølvstykke på brystet, i hendene og i munnen. Då dei katolske conquistadorane erobra Inkariket på 1500-talet, blei dei forarga over tilbedinga av dei døde, og brann mumiane. Me veit derfor ikkje korleis inkaene laga mumiar.

Egyptiske mumiar endre

 
Egyptisk mumie innhylla i bandasjar og lagt i sarkofag.
 
Hundemumiar i Louvre.

Dei gamle egyptarane meinte at kroppen var heimen til ka, sjela, og var nødvendig i livet etter døden. Ein mumifiserte faraoar og andre kongelege eller høgtståande personar, i tillegg til dyr ein såg på som heilage. Det er funne millionar av mumiar av dyr knytte til egyptiske gudar, og av visse viktige kjæledyr.

Ein balsamerte typisk kroppar gjennom å ta ut innvolane og tørka kroppen, ofte ved bruk av salt, som natron. Innvolane blei ofte plassert i kanopiske krukker, bortsett frå hjartet, som blei sett tilbake. Hjernen blei derimot rekna som ubrukeleg, og kasta. Kroppen blei så innsett med stoff som harpiks, olje og parfyme. Kroppen blei kledd med kvitt lin som skulle verna han mot skade, og det blei lagt amulettar inni og rundt han som skulle gje magisk vern. Eit seinare ritual kunne vera opninga av munnen slik at mumien kunne pusta og tala.

Egyptarane balsamerte dyr som katt, hund, bavian, okse, ibis, hauk, firfisle, fisk og biller på om lag same måte som menneske, det vil seia ved å setja dei inn med ei harpiksblanding. Ein tok derimot ikkje alltid ut innvolane, og mumiane er ofte krøka saman eller pressa ut i ei menneskeaktig ståande stilling.

Kanariske mumiar endre

 
Guanche-mumiar pakka inn i skinn i Santa Cruz på Tenerife.

Guanchefolk, urfolket på Kanariøyane, mumifiserte nokre av dei daude. På Gran Canaria og Tenerife var det vanleg å kle liket i geite- og saueskinn. På andre øyar brukte ein ei harpiksblanding for å bevara kroppen. Lika blei deretter lagt i holer eller gravrøyser. Mange av dei er svært uttørra og kan vega så lite som 3 kg.

Mumifisering i Søraust-Asia og Oseania endre

Fleire kulturar i Oseania dreiv med mumifisering, typisk gjennom uttørking ved hjelp av sol eller eld. Ofte oppbevarte ein berre mumien i ein viss periode før ein brende eller la vekk liket på anna vis. Slik praksis er dokumentert på fleire filipinske og indonesiske øyar, Papua Ny-Guinea, Torressundøyane, Australia, New Zealand, Cook-øyane, Tahiti og Samoa, og skikkane skil seg frå andre kulturar ved at dei har vore haldne i hevd fram til moderne tid og skildra av augnevitne.

Forteljingar frå oppdagingsreisande på 1800- og 1900-talet skildrar korleis øybuarar på cook-øya Mangaia tørka lik gjennom å ha dei ute i sola med jamne mellomrom, og i mellomtida rulla inn i tøy og oppbevart i ei hole eller grave ned.

Ei liknande tørking fann stad på Tahiti, men her tok ein også ut innvolane, og ifølge James Cook pressa ein òg ut væske frå kroppane.

Samoa blei herskarane mumifisert ved at ein fjerna alt hår, tok ut innvolar og skar og pressa ut væske frå huda. Magen blei fylt med klede og kroppen blei sett inn med olje, noko som bevarte han i lang tid, men ikkje for alltid. Det finst ikkje gjenverande mumiar frå nokre av desse øyane.

 
Maoriane sine bevarte hovud blei verdskjende samleobjekt. Maoriane skal òg ha mumifisert heile kroppar.

På New Zealand tok maoriar ofte vare på hovuda til fiendane sine gjennom «hovudkrymping», anten ved å koka dei eller ved å tørka dei i ein omn i eitt døgn. Det er også blitt fortald at dei mumifiserte heile kroppen til slektningar på ein liknande måte.

Blant australske aboriginarar kunne ein også ta vare på kroppar ei viss tid for å kunna utføra visse ritar, til dømes seremoniar som skulle visa korleis menn var blitt drepne. Mange blei deretter brunne eller gravlagde, slik at få mumiar har blitt bevarte for ettertida.

Ei antropologisk skildring av munkanfolket frå Queensland frå 1930-talet fortel at dei tørka lik ved å ha dei oppå ein platting eller Y-forma greiner og brann bål under. Den tørka mumien blei bunden til ein stokk, kledd i bark og hengd opp igjen. Etter ei viss tid, som kunne vara i fleire år, blei kroppen teken ned og brend. To eldre bevarte mumiar frå Queensland var blitt dekte med raud oker. Lemmene deira var bundne saman til ein bylt som kunne berast mellom leirplassar.

Det er bevart ni mumiar frå Torressundøyane, mellom Australia og Papua Ny-Guinea, der ein mumifiserte for å gje ånda fred. Ein studie frå rundt 1900 skildrar mumifiseringa: Kroppen til den avdøde blei lagt oppå ei plattform og eit seremonielt bål blei tend under. Etter nokre dagar blei den tørka huda teke av kroppen og på nokre øyar tekne ut på sjøen. Gjennom eit kutt i magen eller skrittet tok ein ut innvolane, medan hjernen blei drenert gjennom eit hol i skallen. Tunga blei skoren ut og auga stukne hol på for å sleppa ut væske.

Etter alle inngrepa blei kroppen spent opp på ei ramme, sydd igjen og dekt med oker. Ein stakk hol på underhud og ledd og masserte kroppen dagleg for å få ut all væske. Så blei kroppen dekorert, med blekksprutskjel i auga, og eit lag med kokosnøttolje og meir oker. Til slutt blei han bunden til midtstolpen i ei rund hytte. Etter eit halvt til eitt år, der ein utførte ulike seremoniar, rekna ein med at ånda hadde forlate kroppen, og kvitta seg med mumien. Hovudet blei teke av og gjeve til enkja etter den døde, som også kunne få handflatane og fingertuppane til smykke.

Anna moderne mumifisering endre

 
Jeremy Bentham, ein moderne mumie.
Foto: Michael Reeve

Visse enkeltpersonar er blitt mumifiserte også i moderne tid. Grunnleggjaren av utilitarismen, Jeremy Bentham (d. 1832), bestemte i testamentet sitt at kroppen hans skulle visast fram offentleg, i kleda og stillinga han vanlegvis hadde når han tenkte. Bentham sitt «auto-ikon», med vokshovud fordi det opphavlege hovudet blei skada under prepareringa, er no utstilt ved University College London.

I Sovjetunionen hadde Nikolaj Fjodorov, talsmann for kosmismen, lagt fram tanken om at ein kunne vekka til live døde. Ideen blei populær, og då Lenin døydde i 1924 blei det føreslått å frysa han for å kunne gjenoppliva han seinare. Planen blei ikkje fullført, og Lenin blei i staden balsamert og lagt til skode i Leninmausoleet. Også den kinesiske kommunistleiaren Mao Zedong (d. 1974) og den koreanske Kim Il-sung (d. 1994) er blitt balsamerte og lagt til skode i mausoleum, Mao trass i at han sjølv ønska å bli kremert.

I Thailand blei den grove forbrytaren See Uey Sae Ung (Si Quey) hengd i 1944 og deretter balsamert og stilt opp til skrekk og åtvaring i Siriraj museum.

Den amerikanske sekta Summum, som er inspirert av gammalegyptisk tru, driv med mumifisering av menneske og dyr. Organisasjonen tørker ikkje ut lika, men bruker bevarande stoff som skal gje dei ein naturleg utsjånad. Prosessen skal bevara arvematerialet slik at ein kan klona dei døde ein gong i framtida.

Bruk av mumiar endre

Mumiar har tidvis vore sett på som nyttige råstoff. I mellomalderen var det vanleg å nytta mumiepulver laga ved å kverna mumiar som medisin fordi det inneheldt bitumen. Ved manglande tilgang på mumiar kunne kjøpmenn i staden selja pulveriserte tørka lik av kriminelle, slavar og sjølvmordarar. Praksisen var vanleg fram til slutten av 1500-talet.

Ein brunleg målingfarge kalla «caput mortuum» eller «mummy brown» som var laga av mumiebandasjar, var utbreidd blant kunstnarar på 1600-talet, men gjekk ut av bruk tidleg på 1800-talet. Dei engelske pre-rafaelittane var særskild glade i fargen, men blei sjokkerte og slutta då dei fekk vita kva han faktisk var laga av.

Fleire tonn kattemumiar frå Egypt blei brukte som gjødsel i England på 1800-talet.

 
Mumie i «Ye Olde Curiosity Shop» i Seattle i USA.
Foto: Joe Mabel

Mumiar som underhaldning og kjelde til kunnskap endre

Medan mumiar ofte har blitt sett på som heilage og urørelege av dei som laga dei, har folk frå seinare kulturar teke fram og selt, opna, stilt ut og forska på mumiar.

På 1800-talet kjøpte gjerne europeiske aristokratar med seg mumiar for å stilla dei ut heime. Dei kunne finna på å halda «mumiselskap» der dei opna opp ein mumie. Underhaldninga førte som regel til at det bevarte liket blei øydelagd.

Det har vore vanleg å stilla ut mumiar på sirkus og museum. Egyptiske mumiar er stilt ut ved ei rekkje europeiske museum, som Louvre i Paris og British Museum i London.

Mumifisering gjer at forskarar kan finna ut ein god del om personen som er mumifisert og samfunnet han kom frå. I godt bevarte mumiar kan ein få inntrykk av utsjånaden til den levande personen. Det er ofte mogleg å henta ut mageinnhald i frosne mumiar, og ein kan ofte finna DNA-materiale i fleire typar.

Mumiar i folkekulturen endre

Utgravingar og borttaking av mumiar har blitt sagt å vera knytt til forbanningar. Særleg gjekk det lenge rykte om ei forbanning over gruppa som opna grava til Tutankhamon, som skulle gjera at dei døydde tidleg. Rykta spreidde seg på grunn av det sensasjonelle funnet og døden til ein av arkeologane, Lord Carnarvon, kort tid etter.

 
Boris Karloff som «The Mummy».

I tillegg til faraoforbanninga tok populærkulturen opp tropen om mumien som vakna til live att. Mellom anna skreiv Bram Stoker ein skrekkroman i The Jewel of Seven Stars (1903), der ein arkeolog har planar om å vekka ein egyptisk mumie til live. I filmen The Mummy frå 1932 opptredde Boris Karloff som Imhotep, ein mumie som blir vekka til live av ein gammal trylleformel. På 1940-talet laga Universal Studios fire skrekkfilmar om mumien Kharis, som også opptredde i filmen The Mummy frå 1959 og ein nylaga film med same namn frå 1999.

Mumiar har også opptredd i fleire komiske samanhengar, som i The Three Stooges-filmen We Want Our Mummy frå 1939.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Mumiar