Munster
Cúige Mumhan
Våpenet til Munster
Plasseringa til Munster på Irland
Statistikk
Areal: 24 607 km²
Folketal (2006): 1 172 170
Folketettleik: 48 /km²

Munster (irsk Cúige Mumhan, An Mhumhain eller Mumha) er ein av dei fire provinsaneIrland. Han er den sørlegaste av dei fire og ligg i Republikken Irland. Han består av grevskapa Clare, Cork, Kerry, Limerick, Tipperary og Waterford. Namnet kjem frå den keltiske gudinna Muma.

Provinsen var opphavleg delt inn i seks regionar: Tuadh Muman (Nord-Munster), Des Mhuman (Sør-Munster), Urh Mhuman (Aust-Munster), Iar Mhuman (Vest-Munster), Ernaibh Mhuman (Ernaistammen sitt område) og Deisi Mhuman (Deisistammen sitt område). Desse vart etter kvart overtatt av tre kongedøme som utvikla seg i provinsen: Thomond i nord, Desmond i sør og Ormond i aust. Desse vart etter kvart til jarledøme. For det historiske irske kongedømet Munster, sjå Mumu.

Dei tre kronene i flagget representerer dei tre kongedøma. Flagget kan lett forvekslast med Dublin sitt flagg, som har tre slott plassert på liknande måte på ein blå bakgrunn.

ByarEndra

Cork er den største byen i provinsen med 190 384 innbyggjarar (2006) og eit storbyområde med 380 000 innbyggjarar.

Andre viktige byar er Limerick 90 757 (2006), som òg har over 100 000 innbyggjarar i storbyområdet, og Waterford 49 213 (2006).

KjeldeEndra