Opna hovudmenyen
██ Mogleg utbreiingsområde for muroma på 800-talet (basert på samtidige russiske kjelder)

Muroma var eit uralsk språk[1] i den samisk-austersjøfinsk-mordvinske språkgruppa som vart snakka i Vladimir oblast og langs breidda til Oka i det noverende Russland. Språket utgjorde i lag med merja (og kanskje også andre språk) språka mellom dei austersjøfinske språka og dei mordvinske språka. Det vart snakka av muromarane. Det er referert til både folket og språket i fleire russiske kjelder, særleg i Nestorkrøniken. Språket døydde sannsynlegvis ut mellom 1100-talet og 1500-talet, som resultat av eit språkskifte til austslavisk.

Lingvistisk låg muroma og merja mellom austersjøfinsk og mordvinsk. Dei samtidige kjeldene seier ingen ting om språket, men det er til ein viss grad dokumentert gjennom hydronym (namn på elvar og sjøar) i det muromiske språkområdet. Lingvisten Pauli Rahkonen set området for muroma frå og med der Oka og Volga møtest og oppover langs Oka, via byen Murom og opp til elva Moksja og langs Oka nesten til Rjazan[2].

FotnotarEndra

  1. Wieczynski, Joseph (1976). The Modern Encyclopedia of Russian and Soviet History. Academic International Press. ISBN 9780875690643
  2. Jf. Rahkonen 2013 s. 180

BakgrunnsstoffEndra