Musculus serratus posterior inferior

Musculus serratus posterior inferior (frå latin serrare - «å sage», posterior - «bakre», inferior - «nedre»), på norsk òg kalla den nedre bakre sagmuskelen, er ein muskel som ligg heilt inntil ribbeina i den nedste, dorsale delen av brystkassa.

Musculus serratus posterior inferior
M. serratus posterior inferior er vist i raudt på biletet over dei musklane som knyter overekstremiteten til ryggsøyla.
Norsk namn Den nedre bakre sagmuskelen
Gray's subject #117 404
Utspring Ryggtaggane processi spinosi Th11-L2 og ligamentum supraspinale.
Feste    Underkantane av niande til tolvte ribbein, costae.
Arterie Aa. intercostales.
Nerve Nn. intercostales T9-T12.
Rørsle Trekkjer ned dei nedste ribbeina.

Anatomi endre

M. serratus posterior inferior spring ut frå dei to nedste torakale og dei to øvste lumbare ryggtaggane processi spinosi Th11-L2 og ligamentum supraspinale som ligg som dekkjer til processi spinosi dorsalt. Muskelen startar som eit tynt seneblad som kjem frå lig. supraspinale og ryggvirvlane. Det har òg fibrar blanda med fascia thoracolumbalis. Etter senebladet går muskelen over i muskelbuken som deler seg opp i fire muskelbukar. Han går skrått oppover og lateralt og festar på underkantane av niande til tolvte ribbein med fire muskelbukar som går til kvart sitt ribbein.

Rørsle endre

M. serratus posterior inferior trekkjer ribbeina dorsalt og nedover for hjelpe til i roteringa og ekstensjonen av truncus. Når begge musklane kontraherer vil det bidra i forsert ekspirasjon av luft frå lungene.

Fleire bilete endre

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Musculus serratus posterior inferior