Musculus serratus posterior superior

Musculus serratus posterior superior (frå latin serrare - «å sage», posterior - «bakre», superior - «øvre»), på norsk òg kalla den øvre bakre sagmuskelen, er ein tynn muskel som ligg heilt inntil ribbeina i den øvste, dorsale delen av brystkassa.

Musculus serratus posterior superior
M. serratus posterior superior er vist i raudt.
Norsk namn Den øvre bakre sagmuskelen
Gray's subject #114 404
Utspring Ligamentum nuchae og ryggtaggane processi spinosi C7-Th3
Feste    Overkanten av det andre til det femte ribbeinet.
Arterie aa. intercostales.
Nerve Andre til femte nn. intercostales.
Rørsle Trekkjer opp ribbeina som hjelper til med å puste inn.

Han kjem frå ein tynn og brei aponevrose frå den nedste delen av ligamentum nuchae, frå ryggtaggane i den øvre delen av brystregionen, processi spinosi C7-Th3, og frå ligamentum supraspinalis. Muskelen søkk nedover og lateralt og deler seg opp i fire muskelbukar, og dei festar på andre til fjerde ribbein.

Han har som funksjon å hjelpe til ved respirasjon og er med det ein aksessorisk respirasjonsmuskel.

Sjå òg endre