Music from Big Pink

Music from Big Pink
Studioalbum av The Band
Utgjeve 1. juli 1968
Innspelt Tidleg 1968
Sjanger
Lengd 42:22
Selskap Capitol
Produsent John Simon
The Band-kronologi
Music from Big Pink The Band
(1969)


Singlar frå Music from Big Pink
  1. «The Weight/I Shall Be Released»
    Utgjeve: August 1968

Music from Big Pink er det første studioalbumet til The Band.[1] Albumet kom ut i 1968 med ei særeigen blanding av country, rock, folk, klassisk musikk, R&B og soul. Musikken vart hovudsakleg skriven i «Big Pink», eit hus som Rick Danko, Richard Manuel og Garth Hudson delte i West Saugerties i New York. Sjølve albumet vart spelt inn i studio i New York og Los Angeles i 1968,[2] etter at dei hadde akkompagnert Bob Dylanturneen hans i 1966 (som The Hawks) og brukt tid i lag med Dylan nord i staten New York for å spele inn materiale som i 1975 offisielt kom ut som The Basement Tapes. Plateomslaget vart måla av Dylan.

I 2000 kom albumet ut på ny album med ekstra opptak frå innspelinga, og i 2018 kom ei superluksus 50-årsjubileumsutgåve med ein ny stereomiks av Bob Clearmountain.

Bakgrunn og Big Pink-husetEndra

 
«Big Pink» i 2006.

The Band byrja å skape den særeigne stilen sin i 1967 då dei improviserte og spelte inn musikk med Bob Dylan. Dei spelte både mange coverversjonar og originale Dylan-songar i kjellaren på det rosa huset deira i West Saugerties i New York, i 56 Parnassus Lane (tidlegare 2188 Stoll Road). Huset var bygd av Ottmar Gramms, som kjøpte tomta i 1952. Huset var nybygd då Rick Danko fann det som eit hus til leige. Danko flytta inn i lag med Garth Hudson og Richard Manuel i februar 1967. Huset vart lokalt kjend som «Big Pink» på grunn av den rosa fargen på veggane. Huset vart selt av Gramms i 1977, og sidan 1998 har det vore i privat eige.[3]

Opptaka med Dylan sirkulerte mykje på piratkopiplater, først som Great White Wonder i juli 1969, før somme av innspelingane vart gjeve ut som eit album av Bob Dylan og The Band i 1975 på The Basement Tapes, og sidan alle opptaka i 2014 på The Bootleg Series Vol. 11: The Basement Tapes Complete. Mot slutten av 1967 kjende The Band at det var på tide å stige ut av skuggen til Dylan og kome med si eiga melding.[4]

InnspelingEndra

Manageren til The Band, Albert Grossman (som òg var manageren til Dylan) hadde eit møte med Capitol Records for å sikre ein plateavtale for ei gruppe som framleis vart skildra som «bandet til Dylan». Alan Livingston i Capitol signerte The Band, som først hadde namnet The Crackers. Med meldinga om ein plateavtale, fekk dei lurt Levon Helm heim til Woodstock frå oljeriggane han arbeidde på, og her fann han den viktige plassen sin i The Band som songar og trommeslagar. Helm kom attende samstundes med at The Band hadde byrja å skrive sine eigne songar.[4]

Etter eit møte med produsenten John Simon, byrja The Band å spele inn debutalbumet på Manhattan i A&R Studios, i 7. etasje i 799 7th Avenue på 52nd Street tidleg i 1968. The Band spelte inn «Tears of Rage», «Chest Fever», «We Can Talk», «This Wheel's On Fire» og «The Weight» i to omgangar. Robertson har sagt at då Simon spurte dei om korleis dei ønskte at det skulle høyrast ut, så svarte dei «akkurat som det gjorde i kjellaren.»[5]

Capitol var nøgd med den første innspelinga og føreslo at gruppa skulle dra til Los Angeles for å fullføre innspelinga av det første albumet i Capitol Studios. Dei spelte òg inn noko musikk i Gold Star StudiosSanta Monica Boulevard. Songane på Big Pink spelte inn i L.A. var «In A Station», «To Kingdom Come», «Lonesome Suzie», «Long Black Veil» og «I Shall Be Released».[6]

PlateomslagEndra

Dylan tilbaud seg å syngje på albumet, men forstod til slutt at det var viktig for The Band å lage plata på eiga hand. I staden bidrog Dylan med å måle plateomslaget. Barney Hoskyns har skrive at det er viktig at måleriet syner seks musikarar. Omslaget på Music From Big Pink var meint å etablere gruppa som noko anna enn den psykedeliske kulturen i 1968. Fotografen Elliott Landy flydde til Toronto for å fotografere familiane til Danko, Manuel, Robertson og Hudson på kyllingfarmen til Danko. Det vart sett inn eit bilete av Diamond og Nell Helm, som budde i Arkansas. Fotoet kom ut på plateomslaget med bilettekst «pårørande».[7] Det samla designet av omslaget vart utført av Milton Glaser, som òg laga omslaget til Bob Dylan's Greatest Hits i 1967.

MottakingEndra

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [8]
DownBeat     [9]
Encyclopedia of Popular Music     [10]
Entertainment WeeklyA[11]
Goldmine     [12]
MusicHound Rock5/5[13]
Q     [14]
Rolling Stone     [15]
The Rolling Stone Album Guide     [16]
Pitchfork9.4/10[17]

Albumet fekk god omtale då det kom ut,[8][18][19][20] men det selde ikkje særskild bra. Det vart rost for den organiske kvaliteten i instrumenteringa, som var blitt spelte inn live utan at det vart lagt til ekstra lydspor i ettertid.[21] Al Kooper skreiv i Rolling Stone om Big Pink og enda med orda «Dette albumet vart spelt inn på kring to veker. Det er folk som vil arbeide seg i hel forgjeves utan å røre det.»[22] Dette gav bandet god publisitet. At Bob Dylan var låtskrivar og medlåtskrivar på to av songane på albumet, hjelpte òg godt på. Robert Christgau var mindre entusiastisk i The Village Voice, der han skreiv at musikken opphavleg levandegjorde ei «country-soul-kjensle utan å etterlikne det» og at det var «røft i kantane», men han meinte at albumet til sjuande og sist var mutt og keisamt å lytte til.[21] Han forklarte seinare at mangelen på energi i musikken vart forsterka av «den metaforiske ugjennomtrengelegheita» i tekstane[23] og at han «alltid hadde beundra albumet» men «på avstand».[24]

I 1968 nådde «The Weight» 63. plassen på Billboard Hot 100-lista i USA. Songen vart ein større hit andre stader og nådde 35. plassen i Canada og 21. plassen i Storbritannia. Albumet nådde 30. plassen på Billboard Pop Albums-lista i 1968. I 2000 nådde det åttandeplassen på Top Internet Albums-lista. «The Weight» vart populær etter at The Band spelte på Woodstockfestivalen den 17. august 1969 og vart samstundes nytta i filmen Easy Rider, sjølv om han ikkje kom med på filmusikkalbumet på grunn av lisensproblem. Ein coverversjon av bandet Smith vart nytta på filmmusikkalbumet i staden.

Albumet vart stemt fram til 452. plassen i den tredje utgåva av Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums (2000).[25] I 2003 vart albumet rangert på 34. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene,[26] ein plass det heldt på den reviderte lista i 2012.[27] Den tilbakelente kjensla på albumet fekk mykje merksemd hos andre store artistar. Til dømes har Eric Clapton sagt at rootsrockstilen på albumet overtydde han om å slutte i Cream, og prøve seg på denne stilen med Blind Faith, Delaney and Bonnie, Derek and the Dominos og debutalbumet hans. George Harrison var òg imponert over musikaliteten på albumet og kjensla av kameraderi, og Roger Waters kalla det det «nest mest innverknadsrike albumet i rock and roll-historia», etter Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band, og sa det «påverka Pink Floyd djupt, djupt, djupt.»[28] I følgje Terry Burrows sette albumet i gang sjangeren americana,[29] medan musikkforskaren Chris Smith sa at songane la grunnlaget for rootsrocken.[30]

Nye utgjevingarEndra

Den originale LP-plata, inkludert det dobbeltfalsa omslaget, vart kopiert og gjeve ut på ny 40 år seinare i 2008, som ei ommastra 180-grams LP-plate. På CD vart plata ommastra og gjeve ut på ein gull-CD i 1989, og på DVD-audio i 2001 og som ei ommastra, nummerert utgåve på SACD i 2009. Den 29. august 2000 kom albumet ut på EMI Records som ein standard CD med ni bonusspor. I 2012 gav Mobile Fidelity ut ei ommastra, nummerert og avgrensa utgåve på 180-grams vinyl med halv snøggleik.

I høve 50-årsjubileet til plata i 2018 kom albumet ut på ny med ein heilt ny stereomiks og ein 5.1-kringlydmiks av Bob Clearmountain, mastra av Bob Ludwig. Denne inneheldt òg somme av bonusspora frå 2000-utgåva, og ein ny miks med berre vokal av «I Shall Be Released».[31]

InnhaldEndra

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«Tears of Rage»Manuel5:23
2.«To Kingdom Come»Robbie Robertson
  • Manuel
  • Robertson
3:22
3.«In a Station»ManuelManuel3:34
4.«Caledonia Mission»RobertsonRick Danko2:59
5.«The Weight»RobertsonHelm with Danko4:34
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«We Can Talk»Manuel
  • Manuel
  • Helm
  • Danko
3:06
2.«Long Black Veil»Danko3:06
3.«Chest Fever»RobertsonManuel5:18
4.«Lonesome Suzie»ManuelManuel4:04
5.«This Wheel's on Fire»
  • Dylan
  • Danko
Danko3:14
6.«I Shall Be Released»DylanManuel3:19
Bonusspor på 2000-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
12.«Yazoo Street Scandal»RobertsonHelm4:01
13.«Tears of Rage» (Alternativt opptak)
  • Dylan
  • Manuel
Manuel5:32
14.«Katie's Been Gone»
  • Manuel
  • Robertson
Manuel2:46
15.«If I Lose»Charlie PooleHelm2:29
16.«Long Distance Operator»DylanManuel3:58
17.«Lonesome Suzie» (Alternativt opptak)ManuelManuel3:00
18.«Orange Juice Blues (Blues for Breakfast)»ManuelManuel3:40
19.«Key to the Highway»Big Bill BroonzyHelm2:28
20.«Ferdinand the Imposter»RobertsonDanko3:59
Bonusspor på 50-årsjubileumsutgåva frå 2018
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
12.«Yazoo Street Scandal»RobertsonHelm4:01
13.«Tears of Rage» (Alternativt opptak)
  • Dylan
  • Manuel
Manuel5:32
14.«Long Distance Operator»DylanManuel3:58
15.«Lonesome Suzie» (Alternativt opptak)ManuelManuel3:00
16.«Key to the Highway»Big Bill BroonzyHelm2:28
17.«I Shall Be Released» (Acappella)DylanManuel3:07

MedverkandeEndra

The Band

Andre medverkande

Miks frå 2018

SalslisterEndra

AlbumBillboard (USA)

År Liste Plassering
1968 Pop Albums 30
2000 Top Internet Albums 8

SinglarBillboard (USA)

År Singel Liste Plassering
1968 «The Weight» Pop Singles 63

«The Weight» nådde 35. plassen i Canada og 21. plassen i Storbritannia.[32]

KjelderEndra

  1. «25 best Canadian debut albums ever». CBC Music, 16. juni 2017.
  2. Bowman, Rob. «History of The Band: The Debut Album». theband.hiof.no. Henta 12. september 2020. 
  3. Wilson, William. «Historic Buildings in Rock'n'Roll History». rocknrolltravel.co.uk. Henta 12. september 2020. 
  4. 4,0 4,1 Hoskyns, 1993, Across The Great Divide, pp. 141-145
  5. Hoskyns, 1993, Across The Great Divide, pp. 146-155
  6. Hoskyns, 1993, Across The Great Divide, pp. 156-159
  7. Hoskyns, 1993, Across The Great Divide, pp. 163-166
  8. 8,0 8,1 Music from Big PinkAllmusic. Henta 12. september 2020.
  9. «The Band: Music from Big Pink». DownBeat: 66. October 2001. 
  10. Larkin, Colin (2011). «Funkadelic». Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. s. 2390. ISBN 0857125958. 
  11. Scherman, Tony (1. september 2000). «Music Review: 'The Band'». Entertainment Weekly. Henta 16. april 2019. 
  12. «The Band – Music from Big Pink CD Album». CD Universe. Henta 5. juli 2011. 
  13. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 72. ISBN 1-57859-061-2. 
  14. Bauldie, John (April 1996). «The Band: Music from Big Pink». Q: 120. 
  15. «The Band: Music from Big Pink». Rolling Stone: 69–73. 31. august 2000. 
  16. Brackett, Nathan, with Hoard, Christian (eds) (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th edn). New York, NY: Fireside. p. 42. ISBN 0-7432-0169-8.
  17. «The Band: Music From Big Pink Album Review». Henta 22. mars 2019. 
  18. Johnson, Pete (14. juli 1968). «Band Album Mines Dylan Vein». Los Angeles Times: Archives. Arkivert frå originalen ?. Henta 12. september 2020. 
  19. Viney, Peter. «The Band: Album Ratings». The Band website. Henta 12. september 2020. 
  20. Stephen Thomas Erlewine. Pitchfork. «Music from Big Pink.» September 2018.
  21. 21,0 21,1 Christgau, Robert (December 1969). «In Memory of the Dave Clark Five». The Village Voice. Henta 12. september 2020. 
  22. Kooper, Al (10. august 1968). «Records». Rolling Stone. Henta 12. september 2020. 
  23. Christgau, Robert (22. desember 1975). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice. Henta 12. september 2020. 
  24. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: L». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 1. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  25. Colin Larkin (2006). All Time Top 1000 Albums (3rd utg.). Virgin Books. s. 163. ISBN 0-7535-0493-6. 
  26. «The 500 Greatest Albums Of All Time». Rolling Stone. Rolling Stone. 12. januar 2010. Henta 12. september 2020. 
  27. «500 Greatest Albums of All Time Rolling Stone’s definitive list of the 500 greatest albums of all time». Rolling Stone. 2012. Henta 12. september 2020. 
  28. «Roger Waters quote re «Music from Big Pink» - Progressive Rock Music Forum». Progarchives.com. Henta 12. september 2020. 
  29. Burrows, Terry (2015). The Stratocaster Manual: Buying, Maintaining, Repairing, and Customizing Your Fender and Squier Stratocaster. Voyageur Press. s. 176. ISBN 0760349223. 
  30. Smith, Chris (2009). 101 Albums that Changed Popular Music. Oxford University Press. s. 61. ISBN 0195373715. 
  31. Morris, Chris (24. august 2018). «Album Review: The Band’s ‘Music From Big Pink: 50th Anniversary Edition’». Variety. Henta 12. september 2020. 
  32. The Weight

BakgrunnsstoffEndra