Musikalen Tarzan
Tarzan: The Musical er basert på Disney-filmen med same namn og historia til Edgar Rice Burroughs. Songane er skrivne av Phil Collins og David Zippel, med ei bok av David Henry Hwang.
Tarzan | |||
Tarzan Broadway Musical på Broadway | |||
Musikk | Phil Collins | ||
---|---|---|---|
Tekst | Phil Collins og David Zippel | ||
Bok | David Henry Hwang | ||
Basert på | Tarzan of the Apes av Edgar Rice Burroughs og Disney-filmen Tarzan frå 1999 | ||
Produksjonar | 2006 Broadway 2007 Nederland 2008 Kristianstad 2008 Hamburg 2010 Utah 2011 Indiana 2011 Massachusetts 2011 San Jose 2012 Arizona |
Det vart halde ei arbeidsgruppe i 2004 med Daniel Manche som den unge Tarzan, Matthew Morrison som den vaksne Adult Tarzan, Adam Pascal som forteljar og Laura Bell Bundy som Jane.[1]
Musikaren hadde førehandsvisningar på Broadway den 24. mars 2006 og opna offisielt ved Richard Rodgers Theatre den 10. mai[2]og vart den einaste produksjonen til Disney Theatrical som ikkje først vart prøvd utanbys. Bob Crowley designa kulissene og kostymane og regisserte den originale Broadway-produksjonen. Koreaografien var av Meryl Tankard og lyssettinga av Natasha Katz.[2] Danton Burroughs, barnebarnet til Edgar Rice Burroughs, var til stades ved premieren og det same var Phil Collins.[3] Produksjonen vart nominert til ein Tony-pris for beste lysdesign i ein musikal.
På grunn av dårleg billettsal vart showet teke av plakaten den 8. juli 2007 etter 35 førehandsvisningar og 486 framsyningar.[4]
Musikalske nummer
endreTarzan (Broadway) Musikal av Phil Collins | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 2006 | |
Innspelt | 2006 | |
Sjanger | Pop | |
Selskap | Walt Disney | |
Komponist | Phil Collins | |
Tekstforfattar | Phil Collins | |
Produsent | Mark Mancina | |
Phil Collins-kronologi | ||
---|---|---|
Love Songs: A Compilation... Old and New
(2004) |
Tarzan (Broadway) | Going Back
(2010)
|
Phil Collins, som skreiv ny songar for filmen i 1999, skreiv ni nye songar for sceneversjonen.
- Akt I
- «Two Worlds» – Voice of Tarzan and Ensemble
- «You'll Be In My Heart» – Kala and Ensemble
- «Jungle Funk» – Ensemble
- «Who Better Than Me?» – Young Tarzan and Terk
- «No Other Way» – Kerchak
- «I Need to Know» – Young Tarzan
- «Son of Man» – Terk and Ensemble
- «Son of Man (Reprise)» – Terk and Ensemble
- «Sure As Sun Turns to Moon» – Kala and Kerchak
- «Waiting for This Moment» – Jane and Ensemble
- «Different (Part 1 & 2)» – Tarzan
- Akt II
- «Trashin' the Camp» – Terk and Ensemble
- «Like No Man I've Ever Seen» – Jane and Professor Porter
- «Strangers Like Me» – Tarzan and Jane
- «For the First Time» – Jane and Tarzan
- «Who Better Than Me? (Reprise)» – Terk and Tarzan
- «I Need to Know (Reprise)» – Young Tarzan
- «Everything That I Am» – Tarzan and Kala
- «You'll Be In My Heart (Reprise)» – Tarzan and Kala
- «Sure As Sun Turns to Moon (Reprise)» – Kala
- «Two Worlds (Finale)» – Tarzan, Jane, and Ensemble
Original Broadway-besetning
endre- Josh Strickland som Tarzan
- Jennifer Gambatese som Jane
- Shuler Hensley som Kerchak
- Merle Dandridge som Kala
- Chester Gregory II som Terk
- Tim Jerome som Professor Porter
- Donnie Keshawarz som Clayton
- Daniel Manche / Alex Rutherford som Young Tarzan
Andre produksjonar
endreTarzan vart òg sett opp i Nederland, Sverige, Tyskland og det vart halde ein turné i USA.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tarzan (musical)» frå Wikipedia på engelsk, den 13. februar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Gans, Andrew.Disney's Tarzan Musical Aiming for 2005-2006 Broadway Bow" Playbill.com,. mai 12, 2005
- ↑ 2,0 2,1 Brantley, Ben.«'Tarzan' Arrives on Broadway, Airborne"The New York Times,. mai 11, 2006
- ↑ «Hail 'Tarzan!' It's a Swinging Celebration for Disney's New Musical" Broadway.com, (May 10), accessed September 4, 2011
- ↑ «Disney's 'Tarzan' to close. juli 8 on Broadway». USA Today. 24. juni 2007. Henta 13. februar 2013.