Musikkgruppa Lava

Lava er ei norsk musikkgruppe danna i Årdal i 1977 av trommeslagaren Per Hillestad og gitaristen Svein Dag Hauge. Gruppa sin musikk er ein slags rock med innslag av både jazz- og pop-rytmar. Hauge har i alle år vore den leiande komponisten i gruppa.

Lava
OpphavÅrdal
Aktiv1977 - 2009
SjangerSoft-rock, pop, jazz
MedlemmerEgil Eldøen (vokal)
Svein Dag Hauge (gitar)
Per Hillestad (trommer)
Rolf Graf (bass)
Per Kolstad (keyboard)
Tidlegare medlemmerKjell Hestetun (bass)
Stein Eriksen (keyboard)
Geir Langslet (keyboard)
Marius Müller (gitar)
Sigurd Køhn (saksofon)
PrisarSpellemannprisen i pop

Dei to initiativtakarane Hauge og Hillestad fekk med seg Kjell Hestetun på bassgitar og Stein Eriksen på tangentinstrument. Gruppa gav ut sitt første album, Lava, i 1980, då også med Geir Langslet på tangentinstrument og med Olav Stedje som vokalist. Etter Hestetun og Eriksen gjekk ut av gruppa, heldt Oslo-kvartetten Hauge, Hillestad og Langslet og bassisten Rolf Graf fram med albumet Cruisin i 1981. Musikarane Per Kolstad på piano, Sigurd Køhn på saksofon og Marius Müller på gitar var delaktige i produksjonen. Melodien Take Your Time vart både ein noregs- og europahit.

Prime Time frå 1982 var gruppas tredje album. Egil Eldøen var ny vokalist, medan Sidsel Endresen song ein av songane. Åre etter drog Lava på turne med Randy Crawford, ho var også med på albumet Fire i 1984. Dette er Lavas mestseljande album og gav gruppa Spellemannprisen 1984 i kategorien popmusikk.

Seinare har Lava gitt ut Prime Cuts, Rhythm of Love og i 1996 The Very Best of Lava. På dei to neste albuma Polarity, 2003, og Alibi, 2005 hadde Stein Austrud teke over på tangentinstrument og Kåre Kolve var med som saksofonist. Symphonic Journey frå 2009 vart innspela live med Kringkastingsorkestret på Rockefeller Music Hall i Oslo.

Diskografi

endre

Studioalbum

endre

Samlealbum

endre
  • Prime Cuts (1985)
  • The Very Best of Lava (1996)

Konsertalbum

endre
  • Symphonic Journey (2009)

Bakgrunnsstoff

endre