Opna hovudmenyen

Skiping og det første albumetEndra

 
Calvin («Fuzzy») Samuels med Manassas (1972)

Manassas vart skipa hausten 1971, etter Stills var ferdig med turneen for å marknadsføre albumet Stephen Stills 2 (1971). Stephen Stills 2 var det andre albumet til Stills, men det første etter Crosby, Stills, Nash & Young (CSNY) vart oppløyst, og det fekk ikkje så god kritikk.[3][4] Etter eit tilfeldig møte med songaren og mulitinstrumentalisten Chris Hillman frå Flying Burrito Brothers i Cleveland, såg Stills eit høve til å endre den kunstnariske retninga si. Han tok kontakt med Hillman og spurte han og Burritos-gitaristen Al Perkins og felespelaren Byron Berline om å vitje han i Miami i Criteria Studios for å jamme. Stills inviterte òg med fleire folk frå turnébandet sitt - trommeslagaren Dallas Taylor, bassisten Calvin «Fuzzy» Samuels, klaverspelaren Paul Harris og vokalist/perkusjonist Joe Lala.

Musikarane fann raskt tonen saman i studio, og etter fleire veker hadde dei nok songar til å fylle eit dobbeltalbum. Bandet synte at dei kunne spele mange forskjellige musikksjangrar og repertoaret bestod av både blues, folk,, country, latinamerikansk musikk og rock. Rolling Stones-bassisten Bill Wyman, ein ven av både Hillman og Stills, vitja dei under innspelinga og vart tidleg fan av bandet. Han uttrykte òg ein gong interesse om å bli med i bandet.[5] Bandet kalla seg sjølv Manassas etter at Stills, som var interessert i den amerikanske borgarkrigen, fekk i stand ein fotoseanse for bandet i Manassas i Virginia, staden der det første og andre slaget ved Bull Run vart utkjempa (1861 og 1862).

Det første albumet til bandet, Manassas, vart eit dobbeltalbum som kom ut april 1972. Albumet vart godt motteke og nådde fjerdeplassen i USA. I 1972 var Manassas på internasjonal turné og spelte på TV-programma In Concert i USA og Beat-Club i Vest-Tyskland.[6]

Det andre albumet og oppløysingaEndra

 
Hillman (med Manassas i TopPop i 1972)

Då Manassas kom attende til USA i 1972 tok Chris Hillman fleire veker fri for å spele inn eit gjenforeningsalbum med The Byrds, som òg inkluderte en tidlegare bandkollegaen til Stills i CSNY, David Crosby.[7] Manassas spelte så raskt inn det andre albumet sitt, Down the Road. Dei første innspelingane vart gjort i Criteria Studios, men bandet flytta eter kvart til Caribou Ranch i Colorado og Record Plant i Los Angeles etter at lydteknikarane ved Criteria, Ron og Howard Albert var uroa over at innspelingane ikkje var bra nok.[8] Down the Road var ferdig innspelt i januar 1973. Albumet kom ut på våren til middels kritikk og sal og nådde til 26. plassen i USA. Det var det første albumet Stills var med på sidan 1968 som ikkje selde til gullplate. Etter albumet kom ut var Manassas inaktive i fleire månader. I mellomtida gifta Stills seg med Véronique Sanson, som han hadde møtt i Paris under turneen deira i Europa i 1972. Hillman vart så med i eit prosjekt med den tidlegare Buffalo Springfield- og Poco-songaren og gitaristen Richie Furay og Eagles-låtskrivaren J.D. Souther. Kot tid etter slo Crosby og den tidlegare CSNY-bandkollegaen Graham Nash seg saman med Neil Young og på turneen etter Young sitt Harvest (1972). Då denne turneen var over i midten av 1973, vart Crosby, Nash og Young overtydd av managerane sine om å samle saman CSNY att. Dei tre kontakta Stills og fekk han med på attforeininga. Dei arbeidde i fleire veker i Maui og Los Angeles på prosjektet, kalla Human Highway, men innspelingane vart avbrotne på grunn av usemje mellom bandmedlemmane.[9]

Stills prøvde så å samle saman att Manassas, men i tillegg til at Hillman var borte, hadde Dallas Taylor blitt avhengig av heroin og Calvin Samuels hadde slutta av personlege årsaker. Stills fekk i staden med seg Jefferson Airplane-trommeslagaren John Barbata og bassisten Kenny Passarelli frå bandet til Joe Walsh, Barnstorm. Samuels kom attende til bandet for den siste delen av turneen deira i 1973. Då turneen var over i oktober, vart det offentleg annonsert at Manassas kom til å gje seg.[10]

MedverkandeEndra

Original bandmedlemmarEndra

Turnémedlemmar (berre 1973)Endra

DiskografiEndra

StudioalbumEndra

KonsertalbumEndra

  • «From Bull Run to Culpepper» - 2000

SamlealbumEndra

SinglarEndra

  • 1972 «It Doesn't Matter» / «Rock 'n' Roll Crazies - Cuban Bluegrass - Jet Set»
  • 1972 «It Doesn't Matter» / «Fallen Eagle»
  • 1972 «Rock 'n' Roll Crazies» - «Cuban Bluegrass» / «Colorado»
  • 1973 «Isn't It About Time» / «So Many Times»
  • 1973 «Guaguancó De Veró» / «Down the Road»

KjelderEndra

  1. Zimmer, Dave and Henry Diltz (1984), Crosby, Stills and Nash – The Biography, Da Capo Press, ISBN 978-0-306-80974-3, s. 150.
  2. 2,0 2,1 Allmusic.com
  3. Mendelsohn, John Ned (19. august 1971). 5942110/stephen_stills_2 «Stephen Stills Stephen Stills 2 > Album Review» Check |archiveurl= value (hjelp). Rolling Stone (89). Arkivert frå 5942110/stephen_stills_2 originalen Check |url= value (hjelp) 3. juli 2007. Henta 14. januar 2019. 
  4. Zimmer and Diltz, Crosby, Stills and Nash – The Biography, s. 148-149.
  5. Zimmer and Diltz, Crosby, Stills and Nash – The Biography, pp. 154.
  6. A DVD chronicling Manassas' appearance on Beat-Club was released in North America in 2000 by Encore Music/Pioneer Entertainment (ISBN 13023-0506-9).
  7. Hjort, Christopher (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973), Jawbone Press, ISBN 1-906002-15-0, s. 306–308.
  8. Zimmer and Diltz, Crosby, Stills and Nash – The Biography, s. 161-162.
  9. Zimmer and Diltz, Crosby, Stills and Nash – The Biography, pp. 165-168.
  10. Zimmer and Diltz, Crosby, Stills and Nash – The Biography, s. 168-169.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Musikkgruppa Manassas