My Way
av Frank Sinatra
frå albumet My Way
Språk engelsk
Utgjeve 1969
Innspelt 30. desember 1968, Los Angeles
Sjanger Tradisjonell pop
Lengd 4:35
Selskap Reprise
Komponist Claude François, Jacques Revaux, Gilles Thibaut
Tekstforfattar Claude François, Paul Anka
Låtskrivar(ar) Paul Anka
Produsent Sonny Burke

«My Way» er ein song popularisert av Frank Sinatra. Teksten vart skriven av Paul Anka til melodien av den franske songen «Comme d'habitude», der Claude François medlåtskrivar i 1967. Den engelske teksten til Anka følgde ikkje den originale franske songen i det heile. Songen vart ein suksess for mange artistar, inkludert Sinatra, Elvis Presley og Sex Pistols. Sinatra sin versjon av «My Way» låg 75 veker inne på den britiske Topp 40-lista, ein rekord som framleis står i dag.

Bakgrunn endre

Paul Anka høyrde den originale franske popsongen «Comme d'habitude», framført av Claude François, då han var på ferie i Sør-Frankrike i 1967. Han flaug til Paris for å forhandle om rettane til songen.[1] I eit intervju i 2007 sa han: «Eg syns det var ei dårleg plate, men det var noko der.»[2] Han fekk rettane til å tilpasse, spele inn og gje ut songen for berre ein dollar,[3] mot at komponisten av melodien skulle få honorara til resultatet av det Anka kom opp med.[4] Ei stund seinare hadde Anka ein middag i Florida med Frank Sinatra då Sinatra skal ha sagt «Eg sluttar med heile industrien. Eg er lei, eg skal ut».[2]

Attende i New York skreiv Anka ny tekst og endra litt på melodistrukturen til den originale franske songen for Sinatra:

Klokka eitt på natta sat eg meg ned med ein gammal elektrisk skrivemaskin og sa 'Om Frank hadde skrive dette, kva hadde han sagt?'. Og eg byrja, metaforisk, 'And now the end is near.' Eg las mange magasin på den tida og la merke til at alt var 'meg ditt' og 'meg datt'. Me var i meg-generasjonen og Frank vart fyren eg ville bruke for å formidle dette. Eg brukte ord eg aldri ville bruk: 'I ate it up and spit it out.' Men det var slik han prata. Eg brukte å henge i saunaer med Rat Pack-karane - dei likte å snakke som om dei var i mafiaen, sjølv om dei var redde for sin eigen skugge.

Anka var ferdig med songen om morgonen. «Eg ringde til Frank i Nevada – han var på Caesar's Palace – og sa 'eg har noko verkeleg spesielt til deg.'»[2]

Anka hevda «Då plateselskapet fekk nyss i det, var dei rasande for at eg ikkje spelte inn songen sjølv. Eg sa 'Hei, eg kan skrive songen, men eg kan ikkje synge han.' Songen var for Frank og ingen andre.»[2] Trass i dette, spelte Anka seinare inn songen i 1969 (berre kort tid etter Sinatra sin versjon kom ut). Anka spelte han inn fire gonger til: i 1996 (i ein duett med Gabriel Byrne, framført i filmen Mad Dog Time), i 1998 på spansk («Mi Manera») (duett med Julio Iglesias), i 2007 (i ein duett med Jon Bon Jovi)[5] og i 2013 (i ein duett med Garou).[6]

Frank Sinatra spelte inn sin versjon av songen 30. desember 1968, og han kom ut tidleg i 1969 på albumet med same namn og på singel. Singelen nådde 27. plassen på Billboard Hot 100-lista og andreplassen på Easy Listening-lista i USA. I Storbritannia sette singelen ein rekord som enno står og vart den singelen som låg lengst inne på topp 40, 75 veker i alt frå april 1969 til september 1971. Han låg ytterlegare 49 veker inne på topp 75, men klatra aldri høgare enn femteplassen.[7]

Sjølv om dette vart signatursongen til Frank Sinatra, sa dottera Tina at han seinare hata songen. «Han likte han ikkje. Songen vart alltid hengande fast på han. Han syns songen var eigennyttig og nytingssjuk».[8]

Lister endre

Liste (1969) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[9] 5

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Italia (FIMI)[10] Gull 25 000*
Storbritannia (BPI)[11] Sølv 989000[12]

*salstala er basert på sertifiseringa aleine

Versjonar endre

Dorothy Squires-versjonen endre

Den walisiske songaren Dorothy Squires gav ut sin versjon av «My Way» sommaren 1970. Versjonen hennar nådde 25. plassen på UK Singles Chart og gjekk inn på lista to gonger til det året.

Elvis Presley-versjonen endre

My Way
Singel av Elvis Presley
B-side

«Pledging My Love»

Språk engelsk
Utgjeve 3. oktober 1977
Innspelt 21. juni 1977
Sjanger populærmusikk
Selskap RCA
Komponist Claude François, Jacques Revaux, Gilles Thibaut
Tekstforfattar Claude François, Paul Anka
Elvis Presley-kronologi 
«Way Down»
(1977)
My Way «Unchained Melody»
(1978)


Elvis Presley byrja å spele songen på konsertane sine i midten av 1970-åra, trass i at Paul Anka sa til han at songen ikkje ville passe han. Likevel 12. og 14. januar 1973 song Presley songen på TV-sendinga Aloha from Hawaii, som vart sendt til 43 land via Intelsat.

Den 3. oktober 1977, fleire veker etter Presley døydde, vart konsertopptaket av «My Way» (spelt inn for Elvis In Concert den 21. juni 1977) gjeven ut som singel. I USA nådde singelen 22. plassen på Billboard Hot 100 seint i 1977 (høgare enn Frank Sinatra klarte) og sjetteplassen på Billboard Adult Contemporary-lista, og selde til gullplate. Året etter nådde singelen andreplassen på Billboard Country singles-lista, men gjekk heilt til topps på den rivaliserande Cash Box Country Singles-lista. I Storbritannia nådde singelen niandeplassen på UK Singles Chart.

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[13] Platina 150 000^
Storbritannia (BPI)[14] Sølv 250 000^
USA (RIAA)[15] Gull 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Sid Vicious-versjonen endre

My Way
av Sid Vicious
frå albumet The Great Rock 'n' Roll Swindle
Språk engelsk
Utgjeve 1978
Innspelt Januar–august 1978
Sjanger Punkrock
Lengd 4:06
Selskap Virgin Records
Komponist Claude François, Jacques Revaux, Gilles Thibaut
Tekstforfattar Claude François, Paul Anka
Låtskrivar(ar) Paul Anka, Sid Vicious (nokre få linjer)
Produsent Sex Pistols

Sex Pistols-bassisten Sid Vicious spelte inn ein punkrockversjon av songen, der mykje av teksten vart endra og arrangement spelt kjappare. Bandet vart arrangert av Simon Jeffes.

I eit intervju i 2007 sa Paul Anka at han hadde blitt «noko destablisert av Sex Pistols-versjonen. Det var litt merkeleg, men eg følte han (Sid Vicious) var oppriktig.»[2]

Vicious kunne ikkje heile teksten då han skulle spele han inn, så han improviserte fleire linjer, inkludert fleire bannord.[16]

Ein forkorta versjon av Vicious-versjonen (som framført av Gary Oldman, frå filmen Sid & Nancy) vert spelt under rulleteksten til filmane Goodfellas og Juan of the Dead.

På albumet The End, som kom i samband med filmen Nana 2, syng songaren og skodespelaren Mika Nakashima ein versjon av Sid Vicious-utgåva av songen som høyres ut som publikum syng korvokal.

Chris Mann-versjonen endre

I 2012 skreiv Anka ein ny tekst for songen for Chris Mann og debutalbumet hans Roads. I Mann-versjonen vert songen presentert frå perspektivet til ein ung mann som ser på framtida si, i staden for ein eldre mann som ser bakover på livet sitt.

Andre versjonar endre

I 1970 vann den britiske songaren Samantha Jones ein musikkfestival i belgiske Knokke-Heist med ein versjon av «My Way», og denne nådde sidan fjerdeplassen på den nederlanske singellista.

Glen Campbell spelte inn songen i 1970 på albumet The Glen Campbell Goodtime Album.

The Pogues-songaren Shane MacGowan spelte inn ein punk-versjon av songen som nådde 29. plassen på den britiske singellista.

Den nederlandske songaren og målaren Herman Brood spelte inn songen. Denne kom ut på det posthume albumet My Way (2001). Tittelsongen kom ut på singel og vart den første singelen hans som nådde toppen av den nederlandske singellista.

I 1968 vart den då ukjende songaren David Bowie spurt av forlaget sitt om å skrive ein engelsk tekst for den originale franske songen. Bowie fortalte på VH1 Storytellers at versjonen hans, «Even a Fool Learns to Love», vart bryskt avvist, noko han meinte var riktig. Bowie spelte aldri inn songen. Seinare omgjorde han akkordane i den franske songen og omgjorde songen til «Life on Mars?», ein song på Hunky Dory frå 1971, og skreiv på omslaget «inspired by Frankie» (der han refererte til «My Way»-songaren Frank Sinatra).[17]

I 2009 spelte Mark Vincent inn ein versjon for debutalbumet sitt My Dream – Mio Visione.

Då ho vart 90 år i 2015, spelte den svenske songaren Kjerstin Dellert inn ein versjon kalla «Min sång» med tekst av Lars Jacob, som opphavleg vart framført av Dellert i 1975..[18]

Ein spanskspråkleg versjon av songen kalla «A Mi Manera» vart spelt inn av Gipsy Kings, i flamencostil.

Kjelder endre

  1. «How Sinatra did it My Way - via a French pop star and a Canada lounge act». the Guardian. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 McCormick, Neil (November 8, 2007). «Daily Telegraph interview, 8 November 2007». The Daily Telegraph (London). Henta 22. juni 2017. 
  3. Paul Anka, «With Paul Anka, 'Rock Swings', Part Two», interviewed on Fresh Air, WHYY, 10. august 2005
  4. Rettane, som Jacques Revaux og Claude François hadde, vart seld av arvingane deira til Xavier Niel i 2009
  5. «Classic Songs, My Way». 
  6. Forever_Gentlemen
  7. «Record-Breakers and Trivia - everyHit.com». 
  8. «Sinatra 'loathed' My Way». BBC. 30 October 2000. Henta 22. juni 2017. 
  9. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  10. «Italian single salstrofé – Frank Sinatra – My Way» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 25. juni 2013.  Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Frank Sinatra in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  11. «British single salstrofé – Frank Sinatra – My Way». British Phonographic Industry. Henta 25. juni 2013.  Enter My Way in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  12. Welsh, April Clare (13 desember 2015). «Frank Sinatra's Official Top 40 Biggest Selling Songs Revealed». Official Charts Company. Henta 22. juni 2017. 
  13. «Canadian single salstrofé – Elvis Presley – My Way». Music Canada. 
  14. «British single salstrofé – Elvis Presley – My Way». British Phonographic Industry.  Enter My Way in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  15. «American single salstrofé – Elvis Presley – My Way». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
  16. «MY WAY LYRICS - SID VICIOUS». Arkivert frå originalen 14. mars 2017. Henta 22. juni 2017. 
  17. «Life on Mars; - David Bowie - Song Info - AllMusic». 
  18. CabarEng Unnergrahn (9. juni 2016). «Min sång 2015» – via YouTube. 

Bakgrunnsstoff endre