Opna hovudmenyen

Koordinatar: 58°37′57.3″N 8°16′46.79″E

Mykland kyrkje
Mykland kirke
Mykland kirke IMG 6273.jpg
Foto: Anita A.Mechlenborg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Arendal
Sokn Froland
Fellesråd Froland
Type Åttekantkyrkje
Teknikk Laft
Material Tre
Innvigd 23. september 1832
 - Endringar Rest. 1882, 1930-åra, 1990-åra
Klokker 2: 1683 og 1928
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Dekorert av Thorkild Gill i 1932
Altartavle Christen Brun
Orgel Henrik Brinck Hansen, 1995
Sitjeplassar 150
Diverse Thorkild Gill dekorerte kyrkja innvendig i 1932, m.a. med takmåleri
Wikimedia Commons: Mykland kirke

Mykland kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1832 i Froland kommune i Aust-Agder.

Kyrkja avløyste ei kyrkje frå 1682. Ho vart dekorert innvendig i 1932.

Mykland kyrkje skal blitt oppført utan teikningar («etter hodet») etter mønster av Hornnes kyrkje eller Årdal kyrkje i Bygland. Gunder Olsen Lunderød (1782-1861) deltok i bygginga av Årdal kyrkje i Bygland under leiing av Anders Thorsen Syrtveit.[1] Gunder Olsen fekk 530 specidalar i honorar i åra 1830-1834 for arbeidet. Arbeidsteikningar er vist i boka av Knut Mykland. Kyrkja var under tak i løpet av 1829. Stiftsdireksjonen var misnøgd med at kyrkjelyden hadde gått i gang med riving og nybygg utan formelt løyve, og med at bygget var åttekanta. Hornnes kyrkje, som dei hadde teke modell av, hadde allereie byrja å sige - noko som i følgje stiftsdireksjonen skuldast at bygdefolket ikkje hadde greie byggemåten. Ingeniørløytnant Johnsen vart send frå Kristiansand for å gjere ei vurdering, og han meinte tårnet var for svakt fundamentert og bygget sto i fare for å rase saman - han ville derfor ha fire kraftige stolper til støtte for tårnet. Grosch vurderte Johnsens forslag før departementet godkjente planen. Etter langt opphald i byggearbeidet vart kyrkja innvigd i september 1832. Den hadde då flat himling (ikkje kvelva) og innvendige veggar var nakent tømmer.[2] Bygget vart utvida i 1882 med nytt våpenhus, den fekk samtidig løfta golv i koret, ny preikestol, døypefont og altertavle (måla av Christen Brun). Kyrkja har pipeorgel frå 1960.[3]

Tidlegare kyrkjeEndra

Den førre kyrkja på staden hadde bygdefolket sjølv sett opp i 1683, men den vart seld av kongen til soknepresten i 1723.[4] Før 1683 måtte innbyggjarane i Mykland reise til Vegusdal for å gå til kyrkje (på den tida var det fortsatt stavkyrkje i Vegusdal). Brevet frå kongen 20. desember 1681 ga bygdefolket løyve til å sette opp kyrkje på den staden dei sjølv syntes var best. Den vart sett opp på same staden som dagens kyrkje og var oppført i tømmer (Mykland er ei skogsbygd med god tilgang på tømmer). Det er elles få skriftlege opplysningar om korleis denne kyrkja såg ut, men ifølgje tradisjonen var den avlang og firkanta (langkyrkje). Det vart innkjøpt ei klokke støypt i Holland, den heng også i den noverande kyrkja. Sitjeplassane i vart ble fordelt etter gardar, og med kvinner og menn på kvar si side av midtgangen. I 1830 var bygget i dårleg stand og det vart reve for å gje plass til nytt bygg (dette vart avgjort sommaren 1827 da biskopen var på visitas). Kyrkja frå 1683 var også for lita for det veksande folketalet.[2]

KjelderEndra

  1. Nilsen, Sigrid (1985): Åttekantkirkene på Agder 1825-1850. ‘’Årsskrift for Agder Historielag’’, årgang 61, s.55-63.
  2. 2,0 2,1 Mykland, Knut (1998). Mykland : ei bygd i Råbygdelaget. 3 : Kultursoga til 1832. Mykland: Mykland bygdeboknemnd. 
  3. Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. ISBN 82-7527-022-7. 
  4. Slettan, Bjørn (red.) (1987). Kyrkja i lokalsamfunnet : om kyrkjebygningar som historisk kjelde. Kristiansand. 

BakgrunnsstoffEndra