Opna hovudmenyen

Myntsamband, myntunion eller myntkonvensjon er ein avtale mellom to eller fleire statar om at landa skal ha sams mynteining av lik verdi, slik at myntar og setlar frå dei samarbeidande statane kan brukast om ein annan i alle desse landa utan kurstillegg elelr kursfrådrag.

Frå nyare europeisk historie er viktige døme Det latinske myntsambandet, som omfatta francmynt i Frankrike, Belgia, Sveits, Italia og Hellas frå åra 1865/68 til 1927 og Den skandinaviske myntunionen som var i funksjon frå 1875 til omkring første verdskrigen.

Eit nyare døme er EU sin pengeunion som la grunnlaget for innføring av Euro som felles valuta i mange av EU-landa.

KjelderEndra