Myrt
Myrt
Myrt
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Myrteordenen Myrtales
Familie: Myrtefamilien Myrtaceae
Slekt: Myrteslekta Myrtus
Art: Myrt M. communis
Vitskapleg namn
Myrtus communis

Myrt (Myrtus communis) er ein art i myrteslekta i myrtefamilien. Planten er ein meterhøg, aromatisk busk med små, mørkegrøne og blanke blad. Han har vakre, kvite blomar og svarte bær. Planten er utbreidd i middelhavslanda der han inngår i maquisvegetasjonen. Han blir brukt som prydplante og har mellom anna vore mykje brukt til brudekransar og brudebukettar. I Noreg blir han dyrka innandørs.

Myrtevekst i maquis i Tyrkia.

Skildring endre

 
Myrteblome
 
Frukter

Myrt dannar ein eviggrøn busk eller eit lågt tre som kan bli opptil 5 meter. Blada er heilranda, mørkegrøne og blanke. Dei blir 3–5 cm lange og inneheld ei velduftande eterisk olje. Dei stjerneaktige blomane har fem kronblad og fleire støvberarar. Kronblada er som regel kvite. Blomane blir pollinerte av insekt.

Frukta er eit rundt bær som inneheld fleire frø. Det er vanlegvis blåsvart, men nokre varietetar har guloransje bær. Frøa blir spreidde av fuglar som et bæra.

Bruk endre

Dyrking i hagar og parkar endre

 
M. communis ssp. tarentina cv. 'compacta' i ein hage.

Myrt er utbreidd som prydvekst i hagar og parkar. Han blir ofte brukt i hekkar, fordi dei små blada kan klippast nett. Uklippa myrt dannar fleire blomar på seinsommaren. Planten treng ein lang, varm sommar for å blomstra, og vern mot frost for å overleva vinteren.

Romarane brukte ofte planten i hagane sine. Planten kunne formklippast som topiarius, og hadde heilage og heimlege assosiasjonar. Romarane introduserte derfor myrt mange stader der han ikkje allereie voks.[1]

Om planten kom til England med romarane vil han truleg raskt ha bukka under for kulda. Han blei innført til landet på 1500-talet, ifølgje tradisjonen av Walter Raleigh då han vende tilbake frå Spania i 1585 og også hadde med seg dei første appelsintre ein hadde sett i England. Alice Coats[2] har funne ein tidlegare omtale då dronning Elisabet I sin store minister William Cecil, Lord Burghley skreiv til herr Windebank i Paris 1562 og bad om eit sitrontre, eit granatapeletre og eit myrtetre saman med instruksar om korleis ein skulle dyrka dei. I 1597 lista John Gerard opp seks myrtevariantar som ein dyrka i Sør-England.[3] I 1640 nemnde botanikaren John Parkinson ein dobbeltblomstrande type. Seint på 1600- og tidleg på 1700-talet dyrka ein myrt i kassar, krukker og potter som ein tok ut i hagen om sommaren og overvintra i orangeri saman med andre frostutsette plantar. Fairchild skriv i The City Gardener (1722) at myrteplantar kunne leiast om sommaren til å setja i peisen når han ikkje var i bruk. Innføringa av nye, meir dramatiske plantar frå Japan, Peru og andre fjerne stader på 1800-talet gjorde at myrt blei mindre utbreidd i England.

Både arten og underarten M. communis subsp. tarentina er blitt tildelte Royal Horticultural Society sin Award of Garden Merit som gode hageplantar.[4][5]

Mat og drikke endre

Myrt blir brukt på Sardinia og Korsika til å laga ein aromatisk likør kjend som mirto gjennom maserasjon i alkohol. Mirto er ein typisk sardinsk drikk og finst i to utgåver: mirto rosso (raud) laga ved maserasjon av bæra, og mirto bianco (kvit) laga med dei mindre vanlege gule bæra og nokre gonger blada.

Mange svineretter frå middelhavslanda blir laga med myrtebær. Steikt smågris blir ofte fylt md myrtegreiner slik at kjøtet får ein aromatisk smak.

Bæra er blitt brukt heile eller molne som peparerstatting.[6] Dei gjev Mortadella-pølse og den nærskylde amerikanske Bologna-pølsa ein særeigen smak.

I Calabria trer ein ei myrtegrein gjennom tørka fiken som så blir baka og tek til seg myrtesmaken. Dette blir så ein velsmakande vinterrett.

Medisin endre

 
Myrtolje

Myrt har, saman med vierbork, ein viktig plass i skriftene til Hippokrates, Plinius, Dioskorides, Galen og arabiske lærde.[7] Urta er blitt brukt mot feber og smerte sidan minst 2500 f.Kr. i Sumer. Myrt og vierbork inneheld mykje salisylsyre som er i slekt med moderne aspirin og legemiddelgruppa ikkje-steroide antiinflammatoriske middel.

Ritual og myter endre

Klassisk

I gresk mytologi og ritual var myrt vigd til gudinnene Afrodite[8] og Demeter[9] Ifølgje Aristofanes er myrt kransen til Iakkhos.[10]

Også i romersk mytologi var myrt knytt til gudinna Venus, ifølgje Vergil.[11] Under veneralia bada kvinner medan dei bar myrtekroner. Myrt blei også brukt i bryllaupsrituale. I Æneiden veks det myrt på grava til den drepne Polydorus. Når Aineias prøver å dra ut busken byrjar bakken å blø, og røysta til den døde broren hans ber han om å dra. Spyda som stakk han til døde har blitt omforma til myrte.[12]

Jødedommen

I jødisk liturgi er myrt ein av dei fire slaga av plantar som ein bruker under høgtida sukkot eller lauvhyttefesten. Dei fire slaga står for ulike personlegdommar i det jødiske samfunnet. Myrt har god lukt men ikkje god smak, og står for dei som gjer gode gjerninga sjølv om dei ikkje har stor torakunne. I jødisk mystisisme står myrt for den falliske, maskuline krafta i universet. Myrtegreiner blei av og til gjevne til brudgommen når han gjekk inn i brudekammeret etter ein bryllaupsseremoni.[13] Myrt er eit symbol og dufta av Edens hage.[14] Myrteblad blir brukt i vatnet til den siste (sjuande) vaskinga av hovudet i den tradisjonelle rituelle sefardiske likvaskinga.[15]

Moderne bruk

I nyheidenske og wiccaritual blir myrt ofte brukt i samband med beltane.

Myrt er ein vanleg blome i brudebukettar i Europa generelt.[16] Ei grein frå dronning Viktoria sin brudebukett blei planta i ein kyrkjegard på Isle of Wight,[17] og greiner frå denne har sidan blitt brutk i brudebukettane til britiske kongelege.

Det engelske namnet på myrt, Myrtle, har vore utbreidd som kvinnenamn og finst også i stadnamn som Myrtle Beach, Myrtle Creek og Myrtle Point.

Kjelder endre

«myrt» (14. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no.

  • Alice M. Coats, Garden Shrubs and Their Histories (1964) 1992, s.v. "Myrtus".
  • Coats (1964) 1992.
  • Gerard, The Herball, 1597.
  • «RHS Plant Selector - Myrtus communis». Arkivert frå originalen 10. januar 2014. Henta 25 May 2013. 
  • «RHS Plant Selector - Myrtus communis subsp. tarentina». Arkivert frå originalen 10. januar 2014. Henta 25 May 2013. 
  • «Myrtle». The Epicentre. Henta 16 July 2014. 
  • Pharmacographia Indica (1891 edition), London
  • V. Pirenne-Delforge, “Épithètes cultuelles et interpretation philosophique: à propos d’Aphrodite Ourania et Pandémos à Athènes.” AntCl 57 (1980::142-57) p. 413.
  • Artemidorus, Oneirocritica, I.77. (translation by Hugh G. Evelyn-White).
  • Aristophanes, The Frogs, the Iacchus chorus, 330ff.
  • Virgil, Eclogue VII.61-63.
  • Aeneid III, 19-68, accessed 13 March 2014
  • Tos. Sotah 15:8; Ketubot 17a
  • BhM II: 52; Sefer ha-Hezyonot 17.
  • Service for Preparing the Dead for Burial, as Used in the Spanish and Portuguese Congregation, Shearith Israel, NY City, Published by the Society "Hebra Hased ba'Amet", New York, 1913, available at www.Jewish-Funerals.org
  • Marcel De Cleene, Marie Claire Lejeune, eds. Compendium of symbolic and ritual plants in Europe Volume 1, 2003:444.
  • "in a churchyard at Cowes, on the Isle of Wight" according to Vivian A. Rich, Cursing the Basil: And Other Folklore of the Garden 1998:18.