Opna hovudmenyen

Mysore (kannada ಮೈಸೂರು maisūru) er ein by i den indiske delstaten Karnataka, og er kjend som den kulturelle hovudstaden til staten. Byen var hovudstaden til Mysoreriket fram til 1948, då riket blei innlemma i den sjølvstendige staten India. Mysore var også det gamle namnet til Karnataka.

Mysore
by
Mysore Palace, India (photo - Jim Ankan Deka).jpg
Land Flag of India.svg India
Areal 152 km²
Folketal 920 550 (2011[1])
Wikimedia Commons: Mysore

Mysore er best kjent for universitetet, kulturlivet, museum og palass, og for mysore pak, ein smuldrete søtsak som er svært populær i Sør-India.

KommunikasjonEndra

Mysore har motorveg og jarnbaneliner til Bangalore som har vidare samband med Chennai i sør og Mumbai i nordvest. Den nye motorvegen har korta ned den 135 km lange reisa mellom byane frå rundt tre timar til halvparten. Fleire statsvegar bind Mysore saman med andre byar i området.

 
Ein trugande statue av Mahisha Asura er sett opp på Chamundi.
Foto: Rohith Ajjampur
 
Tempelet til Tsjamundesjvari (Foto: Rohith Ajjampur)

NamnesogeEndra

Ei legende fortel at området rundt Mysore ein gong høyrde til demonkongen Mahisha Asura, som blei så mektig at han truga heile verda. Gudinna Tsjamundesjvari slost mot han i ti blodige dagar og fridde verda frå han. Namnet hans sat likevel igjen på byen som Mahisuru, sett saman av Mahisha og uru, 'by'. Namnet blei forkorta gjennom bruk og deretter anglifisert til Mysore.

Denne forteljinga er svært viktig innan hindumytologi, og tempelet til Tsjamundesjvari på toppen av Chamundifjella i byen er ein viktig valfartsstad. Under navaratrihøgtida kvart år feirar ein sigeren over demonen.

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. «Table 2: PR cities 1 lakh and above» (XLS). Provisional Population Totals, Census of India 2011. Registrar General and Census Commissioner of India. Arkivert frå originalen den 1. april 2012. Henta 3. mars 2012. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Mysore