Mystikk
Mystikk (av gresk μυστικός mystikos «som høyrer til mysteria», «løyndomsfull») er ein religiøs term for ein personleg, åndeleg relasjon til det guddommelege.
Mystikk finst i alle dei teistiske verdsreligionane jødedom, kristendom og islam. Ettersom mystikaren meiner å ha ei direkte røynsle av Gud, utanom skriftene og dei religiøse institusjonane, kjem mystikarar i blant i konflikt med dei etablerte institusjonane i sin religion.
Det er to hovudretningar i mystikken: den ekstatiske og den kontemplative. Ein kan òg skilje mellom indre mystikk og naturmystikk; den siste har drag av panteisme, eller panenteisme.
Det er gjort ulike forsøk på å definere og beskrive den mystiske erfaringa, til dømes skil den svenske erkebiskopen Nathan Söderblom mellom personlegdoms- og uendelegdomsmystikk. Han meiner dermed ein varierande grad av av opplevd distanse mellom personen og det guddommelege. I blant skil ein au ut mellom anna spekulativ mystikk og praktisk mystikk.
Det er ikkje vanleg å rekne omvendinga av Paulus, som er omtalt i apostelgjerningane i det nye testamentet, som eit døme på kristen mystikk, men Albert Schweitzer ser i si bok The mysticism of Paul the Apostle (1931) hendinga som ei sentral mystisk røynsle.
Jødisk mystikk blir kalla kabbala. Islams fremste mystiske tradisjon er sufismen.
Sjå au
endreDenne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |