Når gjøken galer
The Cuckoo's Calling er ei krimbok frå 2013 av J.K. Rowling, utgjeven under pseudonymet «Robert Galbraith».[1] Boka kom på norsk i mars 2014, utgiven på Cappelen Damm. Den norske tittelen er Når gjøken galer, omsetjar er Heidi Grinde.
The Cuckoo’s Calling | |||
| |||
Forfattar(ar) | Robert Galbraith (J.K. Rowling) | ||
---|---|---|---|
Språk | engelsk | ||
Sjanger | Krim | ||
Utgjeven | April 2013 | ||
Nasjonalitet | Storbritannia | ||
Forlag | Sphere Books (Little, Brown & Company) | ||
Omsetjar | Heidi Grinde | ||
Sider | 464 | ||
ISBN 9788202433086 |
Handling
endreBoka handlar om Cormoran Strike, ein privatdeteketiv og tidlegare soldat som mista foten i Afghanistan etter å ha blitt råka av ei landmine. Han har nett slått opp med sambuaren sin, har ingen pengar, og bur på kontoret.
Strike blir hyra av John Bristow, bror til supermodellen Lula Landry eller «Koko», som skal ha teke livet av seg. Bristow trur ikkje søstera tok sitt eige liv, sjølv om politiet konkluderte med dette.
Med seg på laget har Strike sekretæren Robin, som i utgangspunktet kom dit ved ein feil, gjennom eit vikarbyrå. Ho viser seg snart å ha talent for detektivarbeid.
Handlinga utspelar seg dels i mote- og modellbransjen, blant menneske med mykje pengar, i London og områda rundt.
Bakgrunn
endreGjennom åra har Rowling ofte snakka om skrive ein kriminalroman. Under Edinburgh Book Festival i 2007 meinte forfattaren Ian Rankin at kona hans hadde sett Rowling «skrible» på ein detektivroman i ein kafé.[2] Rankin trekte seinare tilbake historia, og sa det var ein spøk.[3] Ryktet fortsette då The Guardian i 2012 spekulerte om at Rowling si neste bok ville være ein kriminalroman.[4]
Utgjeving
endreDet er meldt at Rowling sende manuskriptet til forlag anonymt, og at det blei avslått av minst eitt forlag, inkludert Orion Books. Den blei til slutt akseptert av Sphere Books, som er ein del av Little Brown & Company. Rowling hadde samarbeida med dette i samband med den førre romanen sin, Den tomme stolen.
Rowling blei avslørt som forfattar av boka av The Sunday Times den 14. juli 2013 etter at det var undersøkt korleis ein forfattar «med bakgrunn i hæren og den sivile tryggleiksbransjen» kunne skrive ein så garantert og trygg debutroman. Etter å ha blitt avslørt som forfattaren, sa Rowling at ho ville ha likt å være anonym ei stund og at det var ei «frigjerande oppleving». Ho sa òg at det «har vore fantastisk å publisere utan store forventningar og ei rein glede å få tilbakemeldinger under eit anna namn.»[5]
Sal og mottaking
endreFør Rowling sin identitet som boka sin forfattar blei avslørt, hadde 1500 eksemplar av boka blitt selt sidan lanseringa i april 2013. Boka steig frå 4709. plass til fyrste plass på «bestseljande roman»-lista på Amazon etter at det blei avslørt 14. juli 2013 at boka var skriven av Rowling under namnet «Robert Galbraith».[6]
På den sosiale lese-nettstaden Goodreads har romanen ei gjennomsnittsvurdering på 4 av 5.[7] Lesarane på nettstadet kalla boka «mogen» og «realistisk». Dei seier òg at karakterane er «bedårande» og «sympatiske». Publishers Weekly roste også boka.[8]
Sjå og
endreKjelder
endre- ↑ «JK Rowling unmasked as author of detective novel writing under nom de-plume» (på engelsk). The Telegraph. 13. juli 2013. Henta 16. juli 2013.
- ↑ «J.K. Rowling writing crime novel, says report» (på engelsk). CBC News. 13. juli 2013. Henta 16. juli 2013.
- ↑ «Rowling's 'crime novel' is a red herring» (på engelsk). The Guardian. 20. august 2007. Henta 16. juli 2013.
- ↑ «JK Rowling's new book: clues suggest a turn to crime fiction» (på engelsk). The Guardian. 24. februar 2012. Henta 16. juli 2013.
- ↑ «"Whodunnit? JK Rowling’s secret life as wizard crime writer revealed"» (på engelsk). The Sunday Times. 14. juli 2013. Henta 16. juli 2013.
- ↑ «Sales of "The Cuckoo's Calling" surge by 150,000% after JK Rowling revealed as author» (på engelsk). Newstatesman.com. 14. juli 2013. Henta 16. juli 2013.
- ↑ «The Cuckoo's Calling» (på engelsk). publishersweekly.com. 2013. Henta 18. juli 2013.
- ↑ «"Fiction Review: The Cuckoo’s Calling by Robert Galbraith. Little, Brown/Mulholland, $25.99 (464p) ISBN 978-0-316-20684-6".» (på engelsk). Publishersweekly.com. 2013. Henta 18. juli 2013.
- Denne artikkelen bygger på «The Cuckoo's Calling» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juli 2013.