Opna hovudmenyen
Nærøya
Geografi
Norway - Nærøya, Øksnes.png
Stad Vesterålen
Koordinatar 68°47′56″N 14°46′2″EKoordinatar: 68°47′56″N 14°46′2″E

Høgaste punkt Ørntuva (103 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Nærøya er ei øy i Øksnes kommune i Nordland. Det høgaste punktet Nærøya er Ørntuva på 103 moh.

Nærøya er ei av fleire øyar i Øksnes Vestbygd. Andre øyar i dette området er Skogsøya, Dyrøya og Tindsøya. Tidlegare var det mykje aktivitet på desse øyene, men i dag er det få fastbuande att.

Den viktigaste staden på Nærøya er Finnvågan (Finvåg). Staden hadde internatskole i over 100 år frå 1868, og i tillegg kyrkje. På 1970-talet vart staden og øya fråflytta, men sidan har det kome ny aktivitet. Skule vart restaurert frå 1989, og i 1994 vart han teke i bruk som gjestegard.

Ein meiner at namnet på Nærøya kjem av gudenavnet Njård.

BakgrunnsstoffEndra

  Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.