Ei næringskjede er ei skjematisk framstilling av ruta energien og dei ulike næringsstoffa går i eit økosystem. Ho tek som regel til mellom fotosyntetiserande organismar som plantar, som samlar opp store mengder organisk karbon og ymse næringsstoff i vevet sitt. Vidare går ho gjennom planteetarar, som igjen vert etne av kjøt-etarar. Daudt materiale vert brote ned til uorganisk karbon og næringsstoff att av detrivorar eller nedbrytarar.

Næringskjeda i ei svensk innsjø.

Fleire næringskjeder kan setjast saman til næringsnett. Desse viser fleire ulike måtar energien kan gå i eitt og same økosystem, og er meir generelle enn næringskjeder.

Biomassen i eit system er så godt som alltid størst nedst i næringskjeda. Teiknar me biomasse inn i næringskjedene våre, får me ein pyramideforma figur som speglar kjensgjerninga at om lag 90 % av energien går tapt i form av varme og metabolisme mellom dei ulike ledda i han.

Døme endre

Figuren til høgre syner ei av fleire moglege næringskjeder i ei svensk innsjø. På botnen finn me planteplankton (ikkje vist på teikninga), som fikserar uorganisk karbon frå lufta og vatnet ved hjelp av solenergi. Amfipodekrepsdyret marflo (Gammarus sp) et planktonet og vinn ut energi frå det. Desse små planktondyra vert etne av karpefisken laue, som sjølv vert eten av åbor som igjen vert eten av gjedde. På toppen av næringskjeda finn me ei fiskeørn.

For å gjera denne figuren om til eit næringsnett heller enn berre ei næringskjede må me først og fremst teikna inn fleire pilar. Gjedda kan eta både åbor og laue, og fiskeørna er gjerne like nøgd når ho får ein stor åbor som når ho får gjedde.

Ordsoge endre

Charles Elton var ein av dei første til å nytta næringskjede og næringsnett-omgrepa i økologisk samanheng. I 1923 publiserte han saman med Victor Summerhayes det eldste kjende næringsnettet, som viste samhandlingar mellom dyr, plantar og bakteriarBjørnøya. I økologilæreboka hans frå 1927 viste han òg korleis næringskjeder sjeldan famnar meir enn fire eller fem trofiske nivå og korleis dette heng i hop med energitap.

Kjelder endre

  • Krebs, Charles J (2001): Ecology - The Experimental Analysis of Distribution and Abundance Cummington, San Fransisco