Næringsemne
stoff som ein organisme treng for å veksa
(Omdirigert frå Næringsstoff)
Næringsemne eller næringsstoff er emne som bidreg til stoffskiftet, veksten eller funksjonen til ein organisme, som tek det til seg. Næringsemne kan delast inn i seks kategoriar som anten tilfører energi til organismen eller hjelper han på andre vis.
Emne som gjev energi
endre- Karbohydrat er emne som er laga av sukkereiningar. Dei blir inndelte etter talet på sukkereiningar: Monosakkarid (som glukose og fruktose), disakkarid (som sukrose og laktose), oligosakkarid, og polysakkarid (som stive, glykogen og cellulose).
- Protein er organiske sambindingar laga av aminosyrer som er bunde saman av peptidbindingar. Proteina blir brotne ned i kroppen til frie aminosyrer som kan brukast til å laga nye protein.
Emne som hjelper metabolismen
endre- Mineral er typisk sporstoff, salt eller ion som kopar og jern. Desse minerala trengst i stoffskiftet.
- Vitamin er organiske sambindingar som er livsviktige for kroppen. Dei verkar ofte som koenzym for ulike protein.
- Vatn er eit livsviktig næringsemne som er direkte involvert i svært mange kjemiske reaksjonar i organismane.