Nærjordsasteroide

(Omdirigert frå Nærjordasteroide)

Nærjordsasteroidar er asteroidar som har jordnære banar. Alle nærjordsasteroidar er mesteparten av tida i bane mellom 0,963 og 1,3 AE frå sola. Nokre nærjordsasteroidar kryssar jordas bane og utgjer slik ein potensiell trugsel for planeten. To nærjordsasteroidar har blitt besøkte av romfartøy: 433 Eros av NASAs NEAR Shoemaker, og 25143 Itokawa av JAXAs Hayabusa. Nærjordsasteroidar er ei underklasse av nærjordsobjekt.

Karakteristikkar endre

Over 4500 nærjordsasteroidar er kjente, med størrelsar opp til 32 kilometer (1036 Ganymed). Talet på nærjordsasteroidar over 1 km i diameter er estimert til å vera 500-1000. Samansetninga til nærjordsasteroidar liknar på den i hovudbeltet og representerer ei rekkje asteroidespektralklassar.

Nærjordsasteroidar overlever berre i banane sine for nokre millionar år. Dei vert etter kvart eliminerte av banetap og oppsluking av sola, kollisjonar med dei indre planetane eller dei vert kasta ut av solsystemet ved nesten-treff av planetar. Med korte liv i banane samanlikna med alderen til solsystemet må nye asteroidar heile tida bli sette inn i nærjordsbanar for å kunne forklara dei observerte asteroidane. Eit akseptert opphav til desse asteroidane er at hovudbelteasteroidar vert flytta inn i det indre solsystemet gjennom baneresonansar med Jupiter. Påverkinga frå Jupiter forandrar asteroidebana slik at den kjem inn i det indre solsystemet. Asteroidebeltet har gap, kjente som Kirkwood-gap, der resonansar har reinska asteroidepopulasjonen. Nye asteroidar migrerer inn i desse resonansområda på grunn av Jarkowski-effekten, slik at me får eit kontinuerleg påfyll av nærjordsasteroidar.

Nærjordsasteroide-klassifisering endre

Ein liten del av nærjordsasteroidane er utdøydde kometar som har mista alle dei flyktige stoffa, og nokre få nærjordsasteroidar har framleis svake komethalar. Desse nærjorsasteroidane kjem sannsynlegvis frå Kuiperbeltet, eit slags kometreservoar utanfor bana til Neptun. Resten av nærjordsasteroidane ser ut til å vera ekte asteroidar sendt ut av asteroidebeltet ved gravitasjonell påverknad frå Jupiter.

Det er tre familiar av nærjordsasteroidar:

  • Aten - asteroidar med ein gjennomsnittleg baneradius nærare enn ei astronomisk eining (avstanden frå jorda til sola) og aphel større enn jordas perihel slik at dei vanlegvis går i bane innanfor jorda.
  • Apollo –asteroidar med ein gjennomsnittleg baneradius større enn jordas, og med ein perihel mindre enn jordas aphel.
  • Amor - asteroidar med ein gjennomsnittleg baneradius mellom jorda og Mars sine banar, og med perihel litt utfor jordas bane (1,017 – 1,3 AE). Amorane kryssar ofte marsbana, men altså ikkje jordbana.

Mange aten- og apollo-asteroidar har banar som kryssar jordas slik at dei står i fare for å kollidera med planeten. Amorar kryssar ikkje jordbana og utgjer ikkje umiddelbare truslar, men banane deira kan forandra seg i framtida slik at dei får jordkryssande banar.

Nokon gongar vert også termen arjuna-asteroide brukt for asteroidar med banar som er ekstremt like jordas.

Nærjordsasteroide-trugselen endre

Nedslagsfrekvens endre

Asteroidar med diametrar på 5 til 10 meter treffer jorda omtrent éin gong i året og produserer eksplosjonar like kraftige som Little Boy som vart sleppt over Hiroshima i 1945, omtrent 15 kilotonn TNT. Objekt med diametrar på 50 meter treffer jorda omtrent kvart tusenår; dei er opphav til liknande eksplosjonar som den observert i Tunguska i 1908. Asteroidar med ein diameter på omtrent éin kilometer treffer jorda gjennomsnittleg to gongar per éin million år. Store kollisjonar med fem kilometer store objekt skjer omtrent éin gong per ti millionar år.

Historiske nedslag endre

Den 30. juni 1908 eksploderte ein steinete meteoritt over Tunguska med ein energi tilsvarande ti megatonn TNT. Eksplosjonen skjedde ved ei høgde på 8,5 kilometer. Asteroiden som var opphavet til eksplosjonen er estimert å ha ein størrelse på 45 til 70 meter.

6. juni 2002 kolliderte eit objekt med ein estimert diameter på 10 meter med jorda. Objektet eksploderte i lufta over Middelhavet, mellom Hellas og Libya, omtrent ved 34°N 21°A. Energien frigjord av eksplosjonen vart ved hjelp av infralydmålingar estimert til å tilsvara 26 kilotonn av TNT, noko som kan samanliknast med eit lite atomvåpen.

Framtidige nedslag endre

Sjølv om det har vore ei nokre falske alarmar, er eit tal asteroidar kjente truslar mot jorda. Asteroiden (29075) 1950 DA vart tapt etter oppdaginga i 1950 sidan det ikkje vart gjort nok observasjonar til å fastslå bana. Den vart så gjenoppdaga 31. desember 2000. Sannsynet for at den skal slå ned i jorda under nærpasseringa 16. mars 2880 er estimert til å vera 1/300. Objektet har ein diameter på omtrent éin kilometer.

Nesten-treff endre

23. mars i 1989 bomma Apollo-asteroiden 4581 Ascleipus (1989 FC) på jorda med 700 000 kilometer og fór gjennom posisjonen der jorda hadde vore berre seks timar tidlegare. Dersom asteroiden hadde treft, ville den ha årsaka den største eksplosjonen i historia; tusenvis av gongar så kraftig som Tsar Bomba. Asteroiden vekte stor merksemd då tidlege kalkulasjonar viste at passeringa ville vera så nære som 64,4 kilometer frå jorda, med store ukjende faktorar som gjorde det mogleg at asteroiden kunne treffa jorda.

18. mars 2004 annonserte LINEAR at den 30 meter-store asteroiden 2004 FH ville passera frå jorda med ein avstand på berre 42,600 km; omtrent éin tiande del av avstanden til månen og det næraste nesten-treffet nokon gong registrert. Dei estimerte at slike store asteroidar ville koma så nær omtrent éin gong per to år.

Prosjekt for å minimalisera trugselen endre

Astronomar har utført søk for å lokalisera nærjordsasteroidane. Eit av dei mest kjente er LINEAR som begynte i 1996. Året 2004 oppdaga prosjektet titusenar av objekt kvart år og utgjorde 65 % av alle nye asteroideoppdagingar. LINEAR brukar to éinmetersteleskop og eit halvmetersteleskop i New Mexico.

Spacewatch, som nyttar seg av eit 90-centimetersteleskop ved Kitt Peak Observatory i Arizona, oppdatert med automatisk peiking, fotograferings- og analyseutstyr for å søka på himmelen etter inntrengjarar; vart sett opp i 1980 av Tom Gehrels og Dr. Robert S. McMillan ved Lunar and Planetary Laboratory ved Universitetet i Arizona i Tucson og vert no operert av Dr. McMillan. Spacewatch har skaffa eit 1,8-metersteleskop for å jakta på nærjordsasteroidar samt eit forbetra elektronisk fotograferingssystem med mykje høgre oppløysing.

Andre prosjekt som leiter etter nærjordsasteroidar inkluderer Near-Earth Asteroid Tracking (NEAT), Lowell Observatory Near-Earth-Object Search (LONEOS), Catalina Sky Survey, Campo Imperatore Near-Earth Objects Survey (CINEOS), Japanese Spaceguard Association og Asiago-DLR Asteroid Survey.

Spaceguard er fellesnamnet for desse programma. Nokon av dei får pengar frå NASA for å møta eit mål om å oppdaga 90 % av alle nærjordsasteroidane med diameter større enn 1 km innan 2008. Eit NASA-studie for eit oppfølgjarprogram føreslår at det vert brukt 250 til 450 millionar amerikanske dollar for å kunne oppdaga 90% av alle nærjordsasteroidane med diameter 140 m og større innan 2028.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre